Etter å ha jobba ved ulike avdelingar på Felleskjøpet sidan 1961, der eg mellom anna var med på å utvikle Orkel-tilhengaren, vart eg sett til å leie avdelinga på Fagernes i 1980. Og sidan den gongen, har eg vore busett i Valdres.
På midten av -70-talet tok eg til å lage knivar. Knivane eg lagar har slire av tre, og slira og skaftet er skore ut av same trestykket, slik at dei får like fargar, og passar saman. Eg skjer ut eit vindauge i slira, så ein kan sjå noko av bladet, og øvst på skaftet fell eg inn ein mosaikk-knapp, som eg bestiller frå USA. Opphenget er eit anna særmerkt kjenneteikn på knivane mine, der to skinnreimer dannar eit kryss på framsida av slira.
Treverket er anten surbjørk eller masurbjørk. Syrna bjørk får ein ved å pakke inn, og legge rå bjørk ned i ei myr, medan masurbjørka får sitt særeigne mønster grunna ein genfeil, der knoppane eller korkkambiet, veks innover i treet. Eg kjøper masurbjørk frå Kviterussland, for eg synest den har det aller finaste mønsteret.
Etter at eg har laga sjølve kniven, blir slira nøyaktig tilpassa. Så set eg inn treverket med 3-4 lag olje, med grundig pussing mellom kvart lag, før det får tre lag med bivoks, med tilhøyrande polering mellom kvar påføring. Eg brukar om lag ei veke på å lage ein kniv, og det er den siste finishen som tek lengst tid.
Knivstålet kjøper eg frå fleire ulike smedar, samt frå fabrikken Brusletto i Hallingdal. Men den gjævaste kniven eg lagar, har blad av verdas finaste stål. Eg har nemleg nokre handsmidde knivblad, som er laga av stålet til dei største kanonane på det tyske slagskipet «Tirpitz», som vart senka utanfor Tromsø i 1944. Så ynskjer du ein særmerkt kniv, kan nok eg hjelpe deg!
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)