Eg byrja å arbeide då eg var sju år. Kvar dag etter skuletid jobba eg med jarn i bedrifta til onkelen min, noko eg held fram med til eg var 15. Deretter var eg tilsett i ein møbelfabrikk i tre år.
Men far min var streng, og forlangte at eg skulle følgje den greina av islam som han sjølv levde etter. Det ville ikkje eg. Eg ville vere fri til å bestemme over mitt eige liv, og til å tenkje, og leve slik eg sjølv syntest var best. Derfor såg eg meg nøydd til å flytte frå heimstaden min, Homs i Syria, då eg var 18 år, og fyrste stopp var Libanon.

I Libanon fekk eg fridom til å gjere som eg ville. Eg fekk ein god jobb og var sjef for 15 tilsette, løna var veldig bra, og eg fekk mange vener. Eg sende jamleg pengar heim til familien, og bidrog til at dei kunne byggje seg hus.
Men mange konfliktar spreidde seg til Libanon, og livet vart stadig vanskelegare. Så eg flykta etter kvart til Jordan, og seinare til Qatar. Og i 2015 kom eg til Norge via Tyrkia og Hellas.

Her i Valdres har eg fått alt eg drøymde om: Ein god jobb hjå Grønvold snikkarverkstad, hus, fin familie med kone og born, og ein stad der vi trivst med å bu. Vi har fått eit nettverk i Valdres, og er veldig godt nøgde med livet.
Før vi gifte oss, sa eg til kona mi at eg ikkje vil samle på, og bli rik på pengar, for eg ynskjer å dele med andre. Og eg håpar eg kan gje noko tilbake til Norge, til menneska og til arbeidsplassen min. For noko av det som har gjort sterkast inntrykk på meg, var å få oppleve dei menneska som hjelpte flyktningar i Norge, men også i Hellas i 35–40° varme, sjølv om dei ikkje kjende oss, og vi kom frå ein annan kultur. Dei gav oss all mogleg hjelp, og dei gav oss sine hjarter. Og når eit menneske gjev av hjartet, gjev det noko som ikkje alle pengar i heile verda kan gje.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)