I ungdomstida utdanna eg meg innan oppmåling og kartverk, og jobba med kartdata i Dresden, der eg vaks opp. Men då eg i 1992 var på ferietur i Norge for fyrste gong, bestemde eg meg for at her skulle eg bu: Eg kjende meg heime med det same.
Det var ikkje så lett å få ein jobb som høvde utdanninga mi, og det tok ni år før eg fekk napp på ein jobb i Oslo. Men Oslo var ikkje noko for meg; det var for mykje mas. Så det var fyrst etter ein ferietur gjennom Valdres at alt fall på plass; det er her eg skal vere!
Den fyrste vinteren i eige hus i Lomen, var det nede i –38°C. Det var så kaldt at ikkje eingong polarhunden min ville ut, men eg lét meg ikkje stogge!

Takk vere internett kunne eg halde fram med jobben i Valdres også. Men etter ei tid vart det nedskjeringar, og eg miste jobben. Dette førte til at eg endeleg torde å satse på det eg hadde drøymt om sidan eg var lita: Eg skulle jobbe med dyr!
For at draumen skulle bli verkeleg, måtte eg på skulebenken att. Fyrst utdanna eg meg som hundemassør, før eg tok utdanningar som naturterapeut for dyr, og innan fysioterapi og osteopati.
Deretter starta eg opp Valdres Dyrefysioterapi, og driv no med behandling av alle slag dyr.
Eg har fått veldig gode tilbakemeldingar både frå dyr og eigarar, og folk kjem langvegsfrå for å få hjelp til dyra sine. Dessutan trivst eg kjempegodt her i Valdres, som er eit paradis for meg som elskar å vere ute i naturen, så betre kan det ikkje bli!

Elles likar eg å reise på tur, stogge der eg vil, og bruke tida på å bli kjent med stadene dit eg kjem.
Og når eg skal kose meg heime ein kald vinterkveld, fyrar eg opp i omnen. Då står omnsdøra oppe, og eg legg beina på ein krakk så tett på flammane, at eg nesten brenn meg. Så sit eg og blar i ei bok med reiseskildringar, og lèt fantasien ta meg ut på eventyr.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)