Frå eg var lita tok foreldra mine meg ofte med ut på turar, og alle desse fine stundene i naturen har vore med å forme meg til den eg er i dag. For eg lever eit aktivt liv, og har stor glede av jakt og friluftsliv, og er ofte på turar anten på ski, truger eller til fots. Og hundane mine, Tascha og Idefix, er med meg kvar enn eg dreg!
Av yrke er eg lærar ved barneskulen på Fagernes, og er hovudtillitsvalt i Utdanningsforbundet. Jobben er intens, og i tillegg til jobb og friluftsaktivitetar trenar eg ein del, og eg har også ansvar for volleyballtreninga i etnedalshallen ein gong i veka. Dessutan har eg kjøpt eit småbruk som eg ynskjer å ruste opp og få noko ut av, og eg har også ein del planar for to gamle stølar oppe i åsen, så det er nok å henge fingrane i!
Pappa er skogbrukar, og har skjøtta skogseigedomen vår på beste vis, medan mamma har rydda kilometervis med turstigar, så dei har på kvar sin måte lagt godt til rette for framtidige generasjonar. Eg ynskjer å vidareføre det gode arbeidet dei har gjort, og har eit mål om å få til ulike aktivitetar for born og unge. For bygda har ein stor plass i hjartet mitt, og eg håpar at planane mine kan ende opp med å bli ei lita næring, og at innsatsen kan vere med på å gjere Etnedal meir attraktiv. Så utdanningane mine innan økonomi, personalutvikling og leiing vil nok kome godt med framover, og eg er sikker på at eg også får med meg nyttige erfaringar frå styret i DNT Valdres, der eg nyleg er valt inn.
Sidan eg lever eit så aktivt og hektisk liv, set eg ekstra stor pris på dei stille stundene når eg kan slappe av og gjere ingenting. Då likar eg å gå meg ein tur ut i skogen eller åsen, og fyre opp eit bål. Så steikjer eg gjerne mat på bålet, før eg finn fram svartkjelen, og kokar kaffi. Desse augeblikka er gull verdt, og eg veit å nyte dei!
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)