Det vart tent ein gneist i meg då eg jobba eitt år som assistent på Fagerli leirskule utanfor Geilo rett etter millenniumskiftet, og eg fekk lyst til å satse på dette i yrkeslivet. Så etter å ha teke grunnfag i pedagogikk og jobba som skiinstruktør på Skeikampen, flytte eg heim, og fekk ei stilling på Vassfaret leirskule.
Det er om lag 1000 elevar frå 6. og 7. klasse som er innom hjå oss i løpet av året. Vi har fokus på uteaktivitetar, der mellom anna fjellturar, bading, ski- og snøholeturar, samt overnatting i lavvo, står på menyen. Undervegs fortel vi segner, forteljingar og krigshistorie knytt til plassane vi dreg på tur til, der Berte Skrukkefyllhaugen, Mikkjel Fønhus og Edvard Elsrud naturlegvis blir mykje sitert. Vi har også litt teoretisk undervising om plantar, dyr og natur, som ungane også får sjå i praksis når vi er ute på tur.
Eg meiner at vekesopphaldet hjå oss er viktig for elevane, fordi dei veks på dei erfaringane dei haustar. Mange av dei har ikkje overnatta borte før, og det å vere vekk frå heimen desse dagane, gjev ei kjensle av meistring. Dessutan blir elevane kjende med kvarandre på ein annan måte, og samhaldet blir styrka.
Utanom jobben er friluftsliv, fotball og reising nokre av interessene mine. Eg følgjer naturlegvis med no når det er fotball-VM, og det er Brasil som er favorittlaget.
Når det gjeld reising, held eg meg unna turistmagnetane, og søkjer meg til meir «fjerne» strok. Eg likar å oppleve noko nytt og autentisk, og ynskjer å sjå det kvardagslege mennesket, og få oppleve den lokale kulturen og maten. Av dei meir særeigne rettane eg har smakt, var då eg fekk servert marsvin i Andesfjella. Og det var no ikkje så ille!
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)