Som kokkelæring var eg til sjøs, noko eg treivst veldig godt med. Men reiaren valte å flagge ut, så eg flytte heim til Valdres, og tok til å arbeide på Beitostølen. Her har eg jobba på hotell, i restaurant, som resepsjonist og på kafeteria, før eg i mars i år skifta beite, og byrja å selje klede. Eg var ikkje eingong interessert i klede då eg flytte inn på Stølstunet for å starte butikk, men eg er veldig spontan av meg, så eg hoppa i det. Og det har eg ikkje angra på, for eg synest det er veldig artig!
Butikken min heiter Marnes Mote. Namnet Marne var eit namn eg fekk av tanteungane mine då dei var små, sidan dei ikkje klarte å seie Anne Marie. Men dei heldt fram med å kalle meg Marne også etter at dei vart store, så namnet har eg hatt i tjue år no.
Marnes Mote sel dameklede, og vi legg vekt på at alle skal finne noko dei likar; gamal og ung, liten og stor. Her er klede i alle prisklassar, opp til storleik 52. Det er ikkje så mange klesbutikkar i øvre Valdres, så dei fleste kundane mine kjem frå Vang, Øystre og Vestre Slidre.
Elles har eg drive med teater, eg spelte klarinett i musikklaget og var med i husflidslaget, og eg er framleis med i helselaget. Dessutan prøver eg å vere med på det som skjer i nærmiljøet, og stille opp på dugnader, for å støtte opp om det som skjer i bygda. Men det er ikkje heile tida det klaffar, sidan eg jobbar ein del kveldar og helger.
Eg likar også godt å reise, særleg når eg kan kombinere det med ei teaterframsyning. Av favorittreisemåla er områda rundt Gardasjøen i Italia, Praha, Bratislava og austeuropeiske land generelt. Og sjølv om eg ikkje er så interessert i dyr, synest eg det var kjempeartig å vere på safari i Kenya, og sjå dei eksotiske dyra i sitt naturlege miljø.
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)