Eg vart adoptert bort då eg var baby, og vaks opp på Ljan i Oslo. Adoptivfar min var frå Svenkerud gard i Hallingdal, og alle historiene han fortalde heimanfrå, førte til at eg vart ein bonderomantikar. Og når vi var på familiestølen Valdreslia sør på Golsfjellet, og eg reid vidt ikring på islandshesten som budde på stølen om sumaren, vart nærleiken til dyr og natur djupt rotfesta i meg.

Det enda med at eg gifte meg med ein odelsgut, og då vi flytte til garden kunne eg endeleg gjere lidenskapen min til ein jobb, og byrje med hest! På det meste hadde eg 17 hestar, og arrangerte rideleirar og ulike kurs, samstundes med at eg dreiv mitt eige rekneskapskontor.
Men då eg og mannen min vart skilt, trudde eg at draumen skulle bli knust. Men sidan han ikkje var så ivrig på å drive garden, selte eg stølen på Golsfjellet, og fekk skrapa saman nok til eit lån for å kjøpe han ut.

Det vart veldig hektisk å drive så stort med hest, samstundes som eg skulle skjøtte garden og drive rekneskapskontor, og sidan hesteverksemda ikkje kasta så mykje av seg, trappa eg ned den biten. I staden investerte eg i nye kontor i det uinnreidde loftet på huset, og vigde meir av tida mi på rekneskapskontoret.
Likevel er draumen å ein gong få til ein aktiv hestegard att, for det er det som ligg hjartet mitt nærast.

Eg har fleire gonger vore døden nær. Mellom anna då eg som småjente vart liggjande bevisstlaus under vatn, og då milten min sprakk etter at eg vart sparka av ein hest.
Ein annan gong fekk eg kreft som spreidde seg ut i blodet, og legen trudde eg skulle døy. Men eg vart utskriven ei veke før eg skulle gifte meg, så det vart eit bryllaup fylt av mange ulike kjensler.
Derfor har eg lært å setje pris på kvar dag, for livet er skjørt, og ein må gjere det beste ut av den tida ein har.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)