På vidaregåande gjekk eg tre år på helse- og oppvekstfag, der eg valde barne- og ungdomsarbeid andre året. Undervisinga gjorde meg engasjert, og eg var ikkje i tvil om at eg skulle jobbe med born når eg vart ferdig på skulen. Men fyrst ville eg ta meir skule, så eg søkte meg inn ved Høgskulen på Hamar, der eg tok utdanning som barnehagelærar.

No jobbar eg som pedagogisk leiar i Ranheim Naturbarnehage, og stortrivst med det. Her er ungane ute nesten heile tida, og dei får slik utfalde seg meir, dei blir betre kjend med naturen, og får oppleve meir enn mange andre born. Ikkje berre er det lærerikt, og bra for å utvikle motorikken og skjerpe sansane, det er også mykje meir naturleg for borna å vere ute, enn å sitje rundt eit bord.
Ein annan fordel ved å vere mykje ute, er at ungane blir kjend i nærområdet sitt, og med folka som bur her. Og det er viktig, for det er med på å byggje opp borna sin identitet, slik at dei kan bli trygge på kven dei er, og kor dei kjem frå. På den måten får dei kjenne tilhøyrsle, slik at dei kan få eit fast og trygt haldepunkt i livet.
Av same grunn synest eg det er viktig at ungane får kjennskap til valdreshistoria og –kulturen alt frå barnehagealderen, og det vil eg vere med på å formidle til dei – på valdresdialekt, naturlegvis!

Sjølv er eg stolt av å vere valdris, prate valdresdialekt og ha familie herfrå, og eg er oppteken av å ta vare på tradisjonane våre. Derfor har eg ei tid gått i lære hjå bestemora mi, som har drive med rosemåling i ein mannsalder.
Då eg var på besøk hjå henne som lita, måtte eg bestandig ein tur inn på målarrommet hennar for å sjå. Så det kom vel ikkje som ei bombe på nokon, at det var eg som skulle føre rosemålartradisjonane vidare i vår familie!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)