Etter å ha vore på Sandarcupen i Sandefjord for nokre år sidan, vart det prat om at vi skulle hatt ein liten kunstgrasbane i Etnedal. Den fyrste tanken var å byggje ballbinge med tak. Men etter å ha innhenta alt av informasjon, kom vi opp med eit alternativ; kva med å setje opp ein plasthall i staden for? Planane vart godt motteke i kommunestyret, og det vart sett ned ei arbeidsgruppe som skulle arbeide vidare med planane om ein hall i Etnedal.
Sidan vi ikkje ville få spelemidlar frå Norsk Tipping om vi bygde plasthall, noko vi ville få ved å byggje stålhall, samt at kommunen berre ville få refundert moms ved å byggje stålhall, vart skilnaden i pris mellom plast og stål ikkje så stor. Dermed gjekk vi for stålhall, og i 2011 stod Etnedalshallen, med sine 2890 m2, ferdig. Noko seinare, i 2016, vart det sett opp eit tilbygg på 400 m2 over to etasjar, med mellom anna skytehall, trimrom og møterom.

Etnedalshallen er i flittig bruk, av alt frå ulike idrettslag og ungdomsklubben, til fleire utstillingar, bruktmarknad og ymse show. Og med all denne aktiviteten, meiner eg hallen er ei god investering i folkehelse.
Eg har vore involvert i Etnedalshallen heilt frå starten, og har hatt tallause timar her. No er eg her frå ein til seks timar kvar dag, fem dagar i veka, i tillegg til dei timane eg er her i jobb. Eg er nemleg tilsett i driftsavdelinga i kommunen, med ansvar for mellom anna hallen.
Kona synest nok at eg er her vel mykje, for det hender ho kjem med eit lettare oppgjeve sukk: «Skal du i hallen att i kveld òg»? Men det er ikkje berre ho heime som synest eg brukar mykje tid her, for på bygda er det endatil nokon som har døypt om Etnedalshallen til «Arnehallen»!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)