Dei tre fyrste leveåra mine budde eg i Etnedal. Sidan flytte vi til Drammen, der vi oppheldt oss i sju år. Der spelte eg fotball for Strømsgodset, og vi var ikkje mindre enn 60 ungar på trening! Så flytte vi tilbake til Etnedal, og etter avtent militærteneste arbeidde eg som kjøtskjerar for Hed-Opp dei neste 25 åra.
No har eg mitt virke i Kulturskulen der eg underviser i gitarspel, og stortrivst med det! Elles er eg aktiv i fotballmiljøet i Øystre Slidre. Her har eg vore trenar for ulike jentelag dei siste ti åra, der høgdepunktet var då laget til dottera mi spelte A-finale i Norway Cup i 2014.
Ved sida av familien, er fisking og musikk viktig i livet mitt. Far min tok meg med på fisking i Etna frå eg kunne gå, og no går fisketurane ofte til Skamån eller Begna, anten åleine, eller saman med kameratar. I juli skal eg på laksefiske, og draumen er å slå rekorden frå 2011, då eg tok ein rugg på 12,8 kilo.
Musikkinteressa har bestandig vore med meg, og eg byrja å spele gitar i sjette klasse. Eg vart med i Jan´s Kvartett i 1980 (seinare Swings), under leiing av Jan Biribakken, og fekk då vere med å spele til dans. Elles har eg spelt i lag med foreldra mine, med Jupedalen Pøbb Ensemble og Mø Tre, og sidan 2013 har eg spelt i Stubbad´n i lag med bror min, Arild. Vi er ein ettertrakta duo som spelar i ein del bryllaup og andre lag, og no, den 30. juni, skal vi spele under Etnedalsdagane.
Eg har opplevd veldig mange artige og flotte konsertar, men den likaste var nok då vi hadde sameiningskonsert med Jupedalen under «rakfisken» i 2017. Det å få oppleve så mykje folk, og få sjå ungdomar som ikkje ein gong var komne til verda då songane vart skrivne, men som likevel song med på alle tekstane, ja det var stort!
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)