Den 18. mars i år, sat eg klistra til tv-skjermen. Då hoppa barnebarnet mitt, Robert Johansson, for Norge, under lagkonkurransen i skihopp i Vikersund. Og då han landa på 252 meter og sette ny verdsrekord, ja då var det ikkje fritt for anna enn det kom ei tåre i augekroken. Ei veke seinare vart Robert den fyrste i verda som har hoppa 250 meter i to bakkar, då han sette ny bakkerekord i Planica. Så eg er ikkje så reint lite stolt av han!
Åkledet på veggen bak meg har eg forresten brodert sjølv, og startnummeret som eg har festa på det, har Robert brukt i eit verdscuprenn.

Far min døydde av hjartesvikt, berre 56 år gamal. Eg fekk sjølv hjarteinfarkt for snart 30 år sidan, og eit nytt infarkt noko seinare. Dette gav meg ein støkk, så no trenar eg kvar tysdag og torsdag på Nes.
Ein yngre bror av meg døydde også ung. Han vart berre 25 år gamal, og døydde av tuberkulose. Han var heime på permisjon frå Glittre sanatorium, men ville ikkje tilbake då permisjonen var omme, så han døydde heime. Det var vondt å miste han, for vi sto kvarandre nær, bror min og eg.

Elles må eg seie at eg var ein ivrig elgjeger frå 1949, og fram til eg ga meg i 2012, 85 år gamal. Den siste tida var vi 10 jegerar på laget, og vi hadde mange fine stunder saman.
Eg vil også nemne at eg snart skal vere med svigerson min til garden hans i Nord-Norge. Då skal eg opp i fly for fyrste gong, og tanken på det, gjer at det kriblar litt i magen!

No i august fyller eg 90 år, og då skal det vere selskap med over 50 gjester. Eg gler meg skikkeleg, for det skal bli kjekt å møte heile slekta att!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)