Då vi var små, var vi med foreldra våre til Stavern i summarferiane. Eg fekk vere med faren min og fiske småmort ved svaberga, noko som skulle bli starten på mi store interesse for fisking. Fyrst var det slukstonga som gjaldt, men då eg for alvor tok til å fiske med fluge i 2005, gjekk interessa over til å bli ein lidenskap. Så no er ute og fiskar nesten kvar dag, frå januar til månadsskiftet november/desember.

Det som driv meg er naturopplevingane, dessutan synest eg det er fascinerande å finne ut kva fisken et. Nokon gonger er det veldig lett å finne den rette fluga, andre gonger er det heilt umuleg; fisken bit ikkje same kva ein byr på av godbitar. Flugene bind eg sjølv, og eg synest det er artig å eksperimentere og prøve noko nytt.
Eg er med på konkurransar òg. Fyrst var eg med på casting, der eg prøvde meg på langkasting, men no er det konkurransefisking som gjeld. Eg konkurrerer i norgescupen, som er fire konkurransar i året, og NM. Kvar konkurranse går over to dagar, der det er om å gjere å ta mest mogleg fisk, og så er det premie til den som tek den største fisken.
Dessutan er eg fylkesinstruktør i flugefisking i Oppland Jeger- og Fiskeforbund, og blir hanka inn som instruktør når dei lokale forbunda i Oppland ynskjer å avhalde kurs.

Vi bur i eit fiskeparadis her i Valdres, og eg reiser ikkje utanfor dalen for å fiske anna enn når det er konkurransar. Men eg har likevel ein draum om ein gong å kunne reise til Patagonia i Chile, og til Island for å fiske. Ved sida av ein storslagen natur, er det mykje stor fisk her, så det er eg viss på hadde vore ei stor oppleving.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)