Eg vaks opp på gard i Oppdal, men etter ungdomsskulen tok eg fagbrev innan serviceelektronikk, og busette meg i Trondheim nokre år. Fyrst jobba eg som serviceelektrikar, men eg vart lei, så eg tok på meg eit par mellombelse jobbar som servitør og bartender.
Etter å ha tenkt meg litt om, fann eg ut at eg hadde lyst til å lære å spele fele og byggje instrument. Eg kjem frå ein familie med rike handverkstradisjonar, mellom anna treskjering, dessutan er musikk viktig for meg, så det var ikkje eit heilt vilkårleg val eg gjorde.
Etter eitt år på Musikkinstrumentakademiet i Sarpsborg, studerte eg folkemusikk i Rauland i to år. Så bygde eg hardingfeler som lærling på Ole Bull Akademiet i tre år, og vart felemakar. Og då eg vart henta til Valdres Folkemuseum for fem år sidan, dreiv eg min eigen verkstad på Sørlandet.
Når eg lagar ei hardingfele skjer mykje på augemål, særleg på kvelvingar, utskjeringar og dekor. For å få den rette tjukkleiken og kvelvinga på loket og botnen, brukar eg mest hoggjarn og siklingar. Strengene blir laga av sauetarm og sylvtråd, av Knut Opheimsbakken her ved museet.
Vi er berre ein handfull hardingfelemakarar her til lands, så vi er heldige som er to her.
På fritida likar eg å spele fleire ulike instrument, og så er eg med i Valdres Kammerkor. Og medan eg budde i Trondheim spelte eg bass i eit hardrockband, så musikksmaken min er mangfaldig!
Eg er også glad i å gå på konsertar, og har hatt mange store konsertopplevingar. Mindre hyggeleg var det då Pearl Jam spelte på Roskilde i 2000, der ni publikummarar vart klemt i hel.
Men aller mest kosar meg saman med familien. Det vere seg om eg byggjer lego med borna, eller vi har heimelaga pizza med god raudvin til, og ser ein god film på TV.
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)