Dei fyrste ni åra av livet budde eg i Brumunddal, før vi flytte til Leirskogen. Då eg var 19 år fekk eg fyrste sonen min, og flytte frå barndomsheimen. Vi var i Oslo nokre år, før ferda gjekk heim til Bagn. Etter kvart fekk eg tre ungar til, og eg er heldig som har barn, svigerbarn og barnebarn rundt meg. Eg har òg ein gut i fosterheim, så hjå meg er det mykje familieliv!

Eg har arbeidd  i skulen og i psykisk helseteneste, dessutan med flyktningar og framandspråklege, der eg jobba både med norskopplæring og i mottak. Elles er eg støttekontakt ein gong i veka, og eg er med på ein internasjonal kvinnekafé ein til to gonger kvar månad.
Vi har fått ein del flyktningar til Bagn, og eg synest det er viktig å hjelpe dei med å bli integrerte. På kvinnekafeen får dei høve til å fortelje om seg og sitt, og vi fortel om korleis det er her, og kva som blir forventa av dei. Slik blir vi kjende med, får respekt for, og lærer av kvarandre.
Dessverre er det mange som gløymer at det ikkje er lenge sidan vi òg var på flukt frå fattigdom og krig, og avhengige av andre si hjelp.

Heile livet har eg vore oppteken av dei som er svakare stilt, og det er viktig for meg at eg kan vere ein ressurs i liva til dei som har bruk for meg. Drivkrafta og fokuset er naturlegvis å hjelpe, men det er også særs gjevande for meg personleg å få ta del i, og utgjere ein skilnad i eit menneske sitt liv.
Eg synest at kvart enkelt menneske må få lov til å skine, og vere som det er, for vi er alle unike og verdifulle, sjølv om ikkje alle kan bli best. Vi er gode nok som vi er, og treng ikkje jakte på det perfekte, men heller prøve å finne gleda i kvardagen.
Og akkurat no ser eg fram mot hagearbeid og verandaliv, og synest det må vere lykka på jord!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)