Etter vidaregåande la eg ut på fleire eventyr. Eit år fekk eg oppleve alt det beste California har å by på, og det var heilt fantastisk! Då fekk eg sjå at til og med California har kvardagar, men også jordskjelv!
Deretter fekk eg jobb på eit cruiseskip, med stopp på stader som Alaska, Hawaii, Mexico, Australia, New Zealand, Tasmania, Fiji, Florida, Karibia og fleire stillehavsøyer. Eg har også jobba i Klosters i Sveits, og er så heldig at eg har fått reist mykje, og har vorte rik på opplevingar.
Eg flytte heim til Valdres i 2001, etter å ha teke eit treårig høgskulestudium i produktdesign, med leire som materiale. Men det var fyrst i 2012 at eg tok til å jobbe med leire, takka vere Eli Østengen, som lét meg få låne verkstaden hennar i Volbu.
Inspirasjonen bak det eg lagar, finn eg i kulturarven min. Mønstera og motiva er mellom anna henta frå det gamle vaffeljarnet til bestemor, låveroser, valdresbunaden og bunadsskjorter, men også frå ulike dyr og detaljar i naturen.
Eg legg sjela mi i arbeidet, og med hendene formar eg gjenstandar som fortel ei historie. Eg likar eit reint uttrykk, og som dekor brukar eg relieff, fordi det gjev litt meir liv.
Produkta mine har fått heiderleg omtale frå Norsk Designråd og Norske Industridesignerar, og det er ei anerkjenning som sjølvsagt er artig å få. Dessutan har eg fått eit bestikksett i produksjon hjå Troll-Tinn, og det er stas!
Det er kanskje alle utanlandsturane som er årsaka til at det eg lagar er så knytt til det norske, og det ifrå Valdres. For når ein er borte over tid saknar ein det som er heime, og alle minna ein hentar fram, blir sterke og levande. Då kjenner ein tydeleg i hjartet kva som betyr noko, og betre inspirasjon er det vanskeleg å finne!
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)