Dei fyrste 14 åra av livet budde eg på Oppsal i Oslo. Fordi eg var liten og rund vart eg mobba frå eg gjekk i andre klasse, og då det endeleg tok slutt etter fire–fem år og eg hadde fått mange vener, ville foreldra mine ut av byen. Det var eg ikkje veldig glad for! Vi flytte til Elverum. Eg måtte byrje på nytt og få nye vener, men vart mobba den fyrste tida – denne gongen fordi eg var ein «Oslo-soss». Heldigvis gjekk det fort over, og eg fekk mange gode vener etterkvart. Opplevingane mine frå oppveksten inspirerte meg til å skrive boka Petter fra Oslo då eg var 16, som kom ut i 2013. To år seinare vart Utskudd gjeven ut, som er ei spenningsbok for ungdom, og i fjor kom kriminalromanen Selvmordet ut. No i år kjem det ut ein bokserie i tre delar som har fått tittelen Biobrikken. Dette er ein dystopisk thriller som går føre seg i nær framtid, der makteliten har bestemt at alle skal ha biobrikker under huda. Den fyrste boka i serien er nyleg utkomen, dei to siste kjem i april og mai. Eg og dama mi hadde akkurat flytt til Valdres då Petter fra Oslo kom ut. Sjefredaktøren i avisa Valdres intervjua meg i samband med utgjevinga, og då det kom fram at eg ikkje hadde jobb, fekk eg tilbod om jobb i avisa – noko eg takka ja til. Etter tre og eit halvt lærerike år i avisa, byrja eg hjå Tala for to år sidan, som er eit av dei største marknadsføringsbyråa i Valdres. Av utdanning har eg ein bachelor i psykologi, og ei utdanning innan 3D speldesign. Når det gjeld speldesign har eg ein YouTube-kanal med vel 10 000 abonnentar, der eg legg ut videoar som mellom anna viser korleis ein kan lage spel. Videoane er sett meir enn ein million gonger. Dette med speldesign og skriving er berre hobbyar. Men eg har eit mål om å utgje fleire bøker kvart år, for draumen er å ein dag kunne leve av skrivinga. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Foreldra mine ville ikkje vite av meg, så eg vart sett bort til besteforeldra mine då eg var eitt år, og vart adoptert av tanta og onkelen min året etter. Adoptivfaren min jobba i forsvaret så vi flytte mykje rundt, og det lengste vi var på ein stad, var fem år. Derfor slo eg aldri heilt rot nokon stad, men då eg kom til Valdres for fyrste gong i 1975, var det kjærleik ved fyrste blikk! I tida som følgde budde eg fleire periodar på Beitostølen, medan eg reiste ut mellom anna for å gå landbruksskule, lærarskule og idrettshøgskule. Idrett har vore ein viktig del av livet mitt, heilt sidan eg var småjente. Eg dreiv med friidrett i barne- og ungdomsåra, og sprang seinare Oslo Maraton, Holmenkollstafetten, Villmannen og Fjellmaraton, samt Hardhausen, der ein skulle gå Birkebeinaren, springe ein halvmaraton og sykle Trondheim–Oslo i løpet av eit kalenderår. Eg spelte også fotball for damelaget til Øystre Slidre. Men i 2004 vart eg akutt sjuk, og måtte byrje med rullestol vinteren 2006. Det var tøft å snu om frå eit aktivt liv på beina til å bli sitjande i rullestol, samstundes med at eg måtte slåst for å få ein tilrettelagt arbeidsplass. Heldigvis lærte eg noko av alle arbeidsåra i stallen på Helsesportsenteret, og av å ha vore følgjesvein i mange år under Riddarrennet: Eg såg at det gjekk an å leve eit aktivt liv med funksjonshemming, og det gav meg stor inspirasjon. Så i tida som følgde vart det mykje hard trening, men også konkurransar. Til dømes pigga eg Fjellmaraton fem gonger, og Oslo maraton tre gonger. Eg er ute kvar dag, og det likaste eg veit er anten å ri ein tur, eller å pigge ein tur på skikjelke eller i rullestol. Og no vil eg få meg ein fuglehund, for den store draumen er å ri på jakt i dette fjellområdet som eg har tapt hjartet mitt til. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Dei fyrste åra mine i arbeidslivet, jobba eg så mykje at eg vart sjuk av det. Eg var fyrst butikksjef for klesbutikken Twins med ansvar for fire butikkar, før eg vart dagleg leiar for klesmerket Ball. Ikkje berre sleit eg meg heilt ut, det kjendest også meiningslaust å berre jobbe for pengar. Eg ville mykje heller gjere noko eg kunne vere stolt av; eg ville hjelpe andre. Derfor tok eg ei rekkje studiar og kurs innan medisin, terapi og massasje, og starta ein klinikk i Oslo som gjekk veldig bra. Sidan eg er veldig glad i fjellet og naturen, og Oslo er hektisk og bråkete, kjøpte eg ei leilegheit på Beitostølen i 2004. Dette vart ein fristad for meg, og det vart mange turar oppover. Men ein dag fann eg ut at eg like gjerne kunne flytte til Beitostølen for godt, for det var her eg likte aller best å vere. På Beitostølen opna eg ein ny klinikk, Helseglad, der eg tilbyr massasje, ulike typar akupunktur, soneterapi, og tre ulike typar healing. Eg er også personleg trenar. For meg er det viktig å gje best mogleg hjelp til så mange som råd, så eg har eit breitt spekter med tilbod. Eg held meg sjølvsagt fagleg oppdatert, og tek stadig utdanningar og kurs for å utvikle meg. Dei ulike behandlingsformene eg tilbyr, med det reint skulemedisinske i kombinasjon med ei åndeleg tilnærming, gjev også ei meir heilskapleg behandling, som betre kan tilpassast kvar enkelt. Om lag 90% av pasientane mine er fastbuande valdrisar, og eg vil nytte høvet til å rette ein stor takk for den tiltrua og openheita dei har vist meg, ved å prøve dei ulike behandlingane mine. Eg angrar ikkje på at eg valte ein annan kurs i livet, for no er eg lykkeleg. Og mykje av det skuldast at det er så mykje meir gjevande å hjelpe folk, enn å berre jage etter pengar. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Då eg var 10 år fekk far min MS. Sjukdomen gjorde at han vart sint og frustrert, og sinnet hans var nok med å prege barndomen min. Og var det noko eg lærte i denne tida, var det at ein må leve her og no og nyte tilværet – anten ein er på jobb eller har fri. For fram til far min vart sjuk jobba han mykje, og eg bestemde meg for at slik ville ikkje eg leve livet mitt. Og slik vart det. Ein kollega av meg bygde seg hus, og då eg såg kor mykje arbeid det var, sa eg til meg sjølv at eg aldri skulle byggje sjølv. Men sidan eg er veldig nøye av meg, fann eg ikkje noko som var heilt slik eg ville ha det, då eg og kjærasten min såg oss om etter husvære. Dermed vart det til at vi bygde likevel. Vi byrja å bygge i 2004, og eg sette opp det meste av huset sjølv. Sidan eg var ganske flink til å spare vart huslånet nedbetalt på nokre få år, og utan huslån er eg ikkje så bunden, og kan ta meg litt meir fri. Så no er eg snikkar for Fjellbygg om vinteren, og er gjetar i Haldorbu fellesdrift eit par dagar i veka om sumaren. Huset har verkstad i kjellaren. Eg elskar nemleg å skru og fikse på gamle bilar, mopedar og traktorar. Og sidan eg er så nøye av meg, blir eg kanskje ekstra glad når eg har gjennomført eit prosjekt der eg er nøgd med resultatet. Av køyretøy har eg mellom anna ein 1970-modell Opel Rekord, som eg dreg på treff med eit par gonger om året. Eg har også ein 1982-modell Honda MT5 moped som har vore i familiens eige sidan slutten på 1980-talet, og som eg har hatt i 20 år. Mopeden låg i delar borti bygda då eg fekk tak i han. Dei siste åtte–ni åra har eg vore med i Skrævarrokken Mopedlaug, der eg stiller opp på den årlege turen rundt Volbufjorden, så sant eg kan. Her har det i alle fall vore oppe i 130 køyretøy, så det er det moro å få vere med på! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Etter vidaregåande la eg ut på fleire eventyr. Eit år fekk eg oppleve alt det beste California har å by på, og det var heilt fantastisk! Då fekk eg sjå at til og med California har kvardagar, men også jordskjelv! Deretter fekk eg jobb på eit cruiseskip, med stopp på stader som Alaska, Hawaii, Mexico, Australia, New Zealand, Tasmania, Fiji, Florida, Karibia og fleire stillehavsøyer. Eg har også jobba i Klosters i Sveits, og er så heldig at eg har fått reist mykje, og har vorte rik på opplevingar. Eg flytte heim til Valdres i 2001, etter å ha teke eit treårig høgskulestudium i produktdesign, med leire som materiale. Men det var fyrst i 2012 at eg tok til å jobbe med leire, takka vere Eli Østengen, som lét meg få låne verkstaden hennar i Volbu. Inspirasjonen bak det eg lagar, finn eg i kulturarven min. Mønstera og motiva er mellom anna henta frå det gamle vaffeljarnet til bestemor, låveroser, valdresbunaden og bunadsskjorter, men også frå ulike dyr og detaljar i naturen. Eg legg sjela mi i arbeidet, og med hendene formar eg gjenstandar som fortel ei historie. Eg likar eit reint uttrykk, og som dekor brukar eg relieff, fordi det gjev litt meir liv. Produkta mine har fått heiderleg omtale frå Norsk Designråd og Norske Industridesignerar, og det er ei anerkjenning som sjølvsagt er artig å få. Dessutan har eg fått eit bestikksett i produksjon hjå Troll-Tinn, og det er stas! Det er kanskje alle utanlandsturane som er årsaka til at det eg lagar er så knytt til det norske, og det ifrå Valdres. For når ein er borte over tid saknar ein det som er heime, og alle minna ein hentar fram, blir sterke og levande. Då kjenner ein tydeleg i hjartet kva som betyr noko, og betre inspirasjon er det vanskeleg å finne! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Etter ungdomsskulen flytte eg heimanfrå for å ta vidaregåande skule, og tok utdanning som sveisar. Dei neste åra budde eg i hovudsak på Sørlandet, og vart rik på opplevingar. Mellom anna var eg hundeførar, eg dreiv ein Statoilstasjon og eit parkeringshus i Oslo, og ein Narvesenbutikk i Kristiansand. Eg var også mange år i forsvaret, som på den tida var sterkt mannsdominert. Der lærte eg å setje grenser, men også å setje meg høge mål. Då eg kom tilbake til Valdres i 2009 var eg med å starte opp Bufar, der vi forsøkte å få folk til å flytte til, og jobbe i Valdres. Deretter byrja eg som butikksjef på Coop Marked i Rogne, før eg til slutt enda opp som butikksjef på Coop Prix i Heggenes. Dette er ingen ni til fire jobb, og eg er «på» heile tida. Her er 15 tilsette med kvar sine behov, og eg er oppteken av at alle skal få vere seg sjølve, og få gje uttrykk for sine meiningar. Etter ein lang dag på jobb er det godt å setje seg på hesteryggen, for det gjev ei god avkopling. Eg har vore hestejente heilt frå eg var lita, og fekk tidleg min fyrste hest, ein islandshest. Sidan har eg vore eigar av nokre varmblodshestar, og har no to Shagya-araberar. Mannen min har også ein Shagya-araber, samt ein dølahest. Saman driv vi hestetrening, der vi hjelper hesteeigarar med alt frå temjing til utstillingsførebuing, og tilbyr turar for dei som har eigen hest. Men eg har også andre måtar å kople av på, for eg kosar meg stort når eg kan ta meg ein tur til skogs, der eg fyrar opp eit bål og kokar meg kaffi. Så tek eg inn lydane og synsinntrykka rundt meg, og nippar til kaffien som eg kanskje har hatt ein klunk med Baileys i, og let roa sige innover meg. Etter ein slik tur kan eg ta fatt på ei ny hektisk veke, med fornya krefter. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Som kokkelæring var eg til sjøs, noko eg treivst veldig godt med. Men reiaren valte å flagge ut, så eg flytte heim til Valdres, og tok til å arbeide på Beitostølen. Her har eg jobba på hotell, i restaurant, som resepsjonist og på kafeteria, før eg i mars i år skifta beite, og byrja å selje klede. Eg var ikkje eingong interessert i klede då eg flytte inn på Stølstunet for å starte butikk, men eg er veldig spontan av meg, så eg hoppa i det. Og det har eg ikkje angra på, for eg synest det er veldig artig! Butikken min heiter Marnes Mote. Namnet Marne var eit namn eg fekk av tanteungane mine då dei var små, sidan dei ikkje klarte å seie Anne Marie. Men dei heldt fram med å kalle meg Marne også etter at dei vart store, så namnet har eg hatt i tjue år no. Marnes Mote sel dameklede, og vi legg vekt på at alle skal finne noko dei likar; gamal og ung, liten og stor. Her er klede i alle prisklassar, opp til storleik 52. Det er ikkje så mange klesbutikkar i øvre Valdres, så dei fleste kundane mine kjem frå Vang, Øystre og Vestre Slidre. Elles har eg drive med teater, eg spelte klarinett i musikklaget og var med i husflidslaget, og eg er framleis med i helselaget. Dessutan prøver eg å vere med på det som skjer i nærmiljøet, og stille opp på dugnader, for å støtte opp om det som skjer i bygda. Men det er ikkje heile tida det klaffar, sidan eg jobbar ein del kveldar og helger. Eg likar også godt å reise, særleg når eg kan kombinere det med ei teaterframsyning. Av favorittreisemåla er områda rundt Gardasjøen i Italia, Praha, Bratislava og austeuropeiske land generelt. Og sjølv om eg ikkje er så interessert i dyr, synest eg det var kjempeartig å vere på safari i Kenya, og sjå dei eksotiske dyra i sitt naturlege miljø. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg hadde ein trygg og god oppvekst i Brumunddal, og dreiv aktivt med idrett og musikk. På vidaregåande fordjupa eg meg i språk, og reiste deretter som au pair til Frankrike for å lære språket betre. Etterpå hadde eg lyst til å studere tysk og fransk, men ein prat med far min gjorde at eg ombestemde meg, og vart fysioterapeut i staden for. Etter å ha jobba som fysioterapeut eit par år, fekk eg ein telefon frå Beitostølen Helsesportsenter, med spørsmål om eg kunne jobbe der eit par veker. Det er no snart 30 år sidan, og eg er framleis her! Eg synest det er artig å bidra til at folk med fysiske og mentale utfordringar kan flytte grensene sine, og ta sine eigne «riddarsprang». Vågar ein å ta spranget kan ein risikere å havne i fossen, men kjem ein seg over, er belønninga stor. Og her er eg nok sterkt påverka av onkelen min, Erling Stordahl, som var oppteken av å gje alle menneske moglegheiter. Elles er eg oppteken av klimaspørsmål, og er med i Beitostølen humleklubb og Besteforeldre mot global oppvarming. Eg var på klimatoppmøtet i Paris i 2015, og der fekk eg ein real vekkar. Vi sit på vår grøne grein her til lands, medan naturkatastrofene – som har vorte stadig større og hyppigare – i fyrste omgang råkar dei fattigaste stroka i verda, og det synest eg er trist. Det kjem til å bli mange klimaflyktningar, og det vil bli tøft å leve på jorda. Kvar og ein av oss må bidra etter beste evne viss vi skal vi klare å snu det, men tida er knapp. Av meir positive hendingar, må eg nemne «Riddarspranget 2018», der eg har vore med i styringsgruppa. Dette er eit stykke med lokale dansarar og skodespelarar, som blir vist i alpinbakken på Beitostølen den 24. og 25. august. Og eg gler meg skikkeleg til framsyning! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Dei tre fyrste leveåra mine budde eg i Etnedal. Sidan flytte vi til Drammen, der vi oppheldt oss i sju år. Der spelte eg fotball for Strømsgodset, og vi var ikkje mindre enn 60 ungar på trening! Så flytte vi tilbake til Etnedal, og etter avtent militærteneste arbeidde eg som kjøtskjerar for Hed-Opp dei neste 25 åra. No har eg mitt virke i Kulturskulen der eg underviser i gitarspel, og stortrivst med det! Elles er eg aktiv i fotballmiljøet i Øystre Slidre. Her har eg vore trenar for ulike jentelag dei siste ti åra, der høgdepunktet var då laget til dottera mi spelte A-finale i Norway Cup i 2014. Ved sida av familien, er fisking og musikk viktig i livet mitt. Far min tok meg med på fisking i Etna frå eg kunne gå, og no går fisketurane ofte til Skamån eller Begna, anten åleine, eller saman med kameratar. I juli skal eg på laksefiske, og draumen er å slå rekorden frå 2011, då eg tok ein rugg på 12,8 kilo. Musikkinteressa har bestandig vore med meg, og eg byrja å spele gitar i sjette klasse. Eg vart med i Jan´s Kvartett i 1980 (seinare Swings), under leiing av Jan Biribakken, og fekk då vere med å spele til dans. Elles har eg spelt i lag med foreldra mine, med Jupedalen Pøbb Ensemble og Mø Tre, og sidan 2013 har eg spelt i Stubbad´n i lag med bror min, Arild. Vi er ein ettertrakta duo som spelar i ein del bryllaup og andre lag, og no, den 30. juni, skal vi spele under Etnedalsdagane. Eg har opplevd veldig mange artige og flotte konsertar, men den likaste var nok då vi hadde sameiningskonsert med Jupedalen under «rakfisken» i 2017. Det å få oppleve så mykje folk, og få sjå ungdomar som ikkje ein gong var komne til verda då songane vart skrivne, men som likevel song med på alle tekstane, ja det var stort! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg er ein fyr med skapartrong og mange ulike interesser. Som ung prøvde eg det meste av idrett og aktivitetar, men likte best fotball og ski. Å ha det moro har alltid vore det viktigaste, og eg har alltid vore for nysgjerrig og utolmodig med å prøve nye ting, til å bli skikkeleg god i ein spesiell grein. På ungdomsskulen byrja eg å spele trommer i band med nokre kameratar. Dei neste 15 åra tok musikken det meste av fokuset og fritida, og eg var klart ein av dei minst ambisiøse idrettslinjeelevane på vidaregåande. Eg er utdanna adjunkt med musikk og historie frå Høgskulen i Volda. Tidlegare jobba eg i kulturskulen og som aktivitetsleiar ved ungdomshuset i Ørsta, men no er eg ungdomskonsulent i Øystre Slidre. Ved sidan av jobbar eg i Valdresskigard, og syslar litt som møbelsnikkar. Det blir ikkje så mykje tid til musikk for tida, men det kan fort snu. Eg ivrar for at ungdom skal få vere med på aktivitetar dei er opptekne av, der dei vert del av eit miljø, uansett interesser eller føresetnader. Som ungdomskonsulent er eg med å skape nye rammer for slikt arbeid i kommunen, gjennom oppføring av nytt ungdomshus, og i utforminga av tilbodet vi skal tilby frå hausten. Mitt ynskje er å skape ein arena der all ungdom kan oppleve meistring og samhald, med utgangspunkt i den enkelte sine interesser og behov, med særleg fokus på nye aktivitetar som er litt smale, sære, eller kanskje litt ”for moderne” for Valdres. Sjølv hadde eg ein god oppvekst med mange aktivitetstilbod, gode vener og ein fin familie, i ein kommune og region som la til rette for den aktiviteten vi ungdomane ville drive med. Eg er stolt av, og har stor respekt for å kunne vere med å føre denne tradisjonen vidare. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Dei fyrste to åra av livet, budde eg i Førde i Sunnfjord. Så flytte vi til Bergen for eitt år, før ferda gjekk vidare til Åsane. Men etter ei tid vart eg lei av bylivet, så då eg såg at det vart utlyst ei stilling på Yddin fjellstogo, søkte eg, og fekk jobben. Dermed sette eg nasen mot Valdres, 20 år gamal. Eg var med på oppstarten på Yddin, men etter kort tid byrja eg på Siesta kafé på Fagernes, der eg var i ti år. Dette var ei ynda «skrivestove» for Margit Sandemo, og ho og eg vart gode vener. Etter Siesta byrja eg på Heggenes Motell, der eg var fram til det vart avvikla. Men rett etter at eg kom til Valdres møtte eg mannen min, som kom frå garden vi overtok i 1971. Her var det kyr når vi kom, og vi byrja med sau. Mannen min gav meg fem sauer som eg fekk ansvar for, og slik fekk eg kjenne at eg var til nytte på garden. Noko av det beste med å flytte på garden, var at eg vart så godt teke vare på av naboane. Dei er veldig hjelpsame, for var det noko som gjekk sund, kom dei med ein gong for å hjelpe til. Eg lærte også mykje av dei som dreiv med slakting, så naboane mine får eg ikkje skrøytt nok av! Ved sidan av garden og dei andre jobbane eg har hatt, har eg drive med perlebroderi, blomar, strikking, sying og skinnfellarbeid, og så lærte eg å måle av Tutta Solberg. Så eg har bestandig hatt noko å henge fingrane i! Då eg var lita, var eg ofte på besøk hjå ei tante i Sunnfjord. Ho fekk ikkje innlagt straum før eg var 13 år, og i skjeret frå dei flakkande talgljosa, såg eg korleis ho laga mat, og ordna alt anna i huset. Eg fekk mange gode stunder i lag med tante, der ute mellom fjell og fjordar, og ho lærte meg mykje. Og denne lærdomen har kome godt til nytte, både som gardkjerring, og elles i livet. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Etter å ha jobba ved ulike avdelingar på Felleskjøpet sidan 1961, der eg mellom anna var med på å utvikle Orkel-tilhengaren, vart eg sett til å leie avdelinga på Fagernes i 1980. Og sidan den gongen, har eg vore busett i Valdres. På midten av -70-talet tok eg til å lage knivar. Knivane eg lagar har slire av tre, og slira og skaftet er skore ut av same trestykket, slik at dei får like fargar, og passar saman. Eg skjer ut eit vindauge i slira, så ein kan sjå noko av bladet, og øvst på skaftet fell eg inn ein mosaikk-knapp, som eg bestiller frå USA. Opphenget er eit anna særmerkt kjenneteikn på knivane mine, der to skinnreimer dannar eit kryss på framsida av slira. Treverket er anten surbjørk eller masurbjørk. Syrna bjørk får ein ved å pakke inn, og legge rå bjørk ned i ei myr, medan masurbjørka får sitt særeigne mønster grunna ein genfeil, der knoppane eller korkkambiet, veks innover i treet. Eg kjøper masurbjørk frå Kviterussland, for eg synest den har det aller finaste mønsteret. Etter at eg har laga sjølve kniven, blir slira nøyaktig tilpassa. Så set eg inn treverket med 3-4 lag olje, med grundig pussing mellom kvart lag, før det får tre lag med bivoks, med tilhøyrande polering mellom kvar påføring. Eg brukar om lag ei veke på å lage ein kniv, og det er den siste finishen som tek lengst tid. Knivstålet kjøper eg frå fleire ulike smedar, samt frå fabrikken Brusletto i Hallingdal. Men den gjævaste kniven eg lagar, har blad av verdas finaste stål. Eg har nemleg nokre handsmidde knivblad, som er laga av stålet til dei største kanonane på det tyske slagskipet «Tirpitz», som vart senka utanfor Tromsø i 1944. Så ynskjer du ein særmerkt kniv, kan nok eg hjelpe deg! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg har lenge hatt lyst til å byrje med lafting, og har drive å klundra litt for meg sjølv. Men det var fyrst då eg vart med på eit laftekurs tidlegare i år, at eg verkeleg fekk dreisen på det. No har eg så smått byrja å setje opp eit lite anneks i laft, og eg har dessutan fått skore opp noko 8 toms furutømmer, som eg skal lafte ei stove av. For ei tid tilbake pussa eg opp ein moped frå botn, og no har eg plukka frå kvarandre ein gamal Ford 4000 traktor, som eg skal setje i stand att. Då eg vart konfirmert tidlegare i år kjøpte eg ein bil, ein Volvo 940 1995 modell, for konfirmasjonspengane. Bilen var temmeleg strøken, med unnatak av ein noko bulka framskjerm, så eg har retta opp skjermen, og gjort han klar til lakkering. Det har seg nemleg slik at eg likar alt som durar, så eg har både bil, seks motorsager, traktor og moped. Eg gler meg til eg blir 16 år i februar, så eg kan byrje å køyre moped. Bestefar min er med meg når eg øvingskøyrer; han køyrer bak med motorsykkel, og eg putrar fremst på moped. Han bestefar er forresten eit stort førebilete for meg. Han er både hjelpsam og snill, seier aldri nei, og er med på alt eg ber han om. Han kan og veit mykje om mangt, så dersom eg er i tvil om korleis noko skal gjerast, tenkjer eg på han, og korleis han ville løyst det. Når eg blir ferdig på ungdomsskulen til våren, vil eg ta naturbruksfag det fyrste året på vidaregåande, skogbruk det andre året, for så å bli lærling det siste året. Målet er at eg skal byrje å køyre hogstmaskin. For det likaste eg veit er å vere ute. Når eg er ute i skogen og høgg tømmer, og fyrar opp eit bål der eg kokar kaffi og steikjer flesk, då kan eg ikkje betre ha det! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg har jobba her ved Valdres Naturstein sidan 2010. Det er far min som er dagleg leiar, og eg byrja i det små som telefonvakt for å avlaste han. Men det har balla på seg med oppgåver, og no jobbar eg fulltid, og har kontroll på det meste i produksjonen. Arbeidsoppgåvene går hovudsakleg ut på å lage skiferheller etter mål, skjere heller og stein, lempe og sortere stein, og ekspedere kundar. Det har ikkje vore noko problem for meg som jente å jobbe i eit mannsdominert yrke, for alle kundane og handverkarane som er innom har vore veldig greie. Dessutan er eg litt «gutejente» , og er komfortabel i lag med gutar. Så eg trivst veldig godt i jobben, og ynskjer å ta over drifta når den tida kjem. For 9-10 år sidan tenestegjorde eg i garden, som ein vel kan kalle gutane si siste skanse. Her kom det til nytte at eg likar meg i lag med gutar! Det var veldig kjekt å vere i garden, og det var ei god skule der eg lærde å bli strukturert og nøye. Dessutan lærer ein å samarbeide med andre, og korleis ein skal stille seg til andre menneske på ein god måte. Elles er eg veldig glad i bilcross, der eg er ein ivrig tilskodar. Vi har vorte ein samansveisa gjeng som har det artig, og som trivst godt i lag. Eg reiser rundt på alle klubbløpa, samt kvalifiseringsløpa til landsfinalen, og er sjølvsagt på landsfinalen kvart år. Av meir alvorlege hendingar eg har vore ute for, var då dottera mi vart fødd ti veker for tidleg. Eg fekk svangerskapsforgifting, og det skulle gå to år med plagar av ulik art, før eg var over det verste. Heldigvis gjekk det bra med dottera mi, og ho har greidd seg bra utan seinskader av noko slag, og no smiler livet til oss båe! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Då eg var yngre, hjelpte eg til på garden hjå besteforeldra mine i Vestre Slidre, der dei dreiv med mjølkeproduksjon. Eg var hjå dei i helgene og feriane, og vart slik tidleg begeistra for gardsdrift, kyr og traktorar. Så då svigerfaren min døydde, tok vi over garden hans. Svigerfar hadde tidlegare drive med sau og rev, men sidan han var lærar på heiltid, såg han seg nøydd til å gje seg med dyra. Fjøset bar preg av at det ikkje hadde vore drift her på mange år, så i 2014 bygde vi nytt. Alt i alt har vi investert fleire millionar i garden, for eg har trass alt tru på at det er mogleg å leve av å drive gard, sjølv om det både er vanskeleg og tøft. Det er uendeleg mykje arbeid som skal gjerast på garden, dessutan prøver eg å hjelpe til ved «Kollstad lakk og sandblåsing» kvar dag, som er lakkeringsverkstaden til far min. Så det blir lange dagar, men eg tek ein ting om senn. På garden driv vi med kjøtproduksjon, og har 25 mordyr av arten Aberdeen Angus, i tillegg til 40 vinterfôra søyer. Stølen vår ligg på Vesleskag, 1100 m.o.h., der kyrne beitar heilt opp mot 1450 m.o.h. i sumarhalvåret, og det trur eg gjev høg kvalitet på kjøtet. Dessutan er nedbeitinga av stor verdi for kulturlandskapet. No sel vi kjøt frå ei internettside vi har, lunngard.no, der det er mogleg å kjøpe 10 kilos pakningar med biff og kjøtdeig. Det var etter at eit vennepar ynskte å kjøpe kjøt av oss, at vi fann ut at vi skulle selje på nettet. Elles spelar eg gitar og bass i gruppa «Skarvemellen». Eg har ofte ikkje tid til å vere med på øvingane, men når dei vil ha meg med på spelejobb, prøver eg å bli med. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg kjem opphavleg frå Asker, men flytte til Hedalen i 1978, og vart glad i så vel fjellet som valdrisane. På byrjinga av nittitalet flytte eg til Fagernes, før eg drog ut for å gå sjukepleiarskulen. Men etter at eg hadde teke vidareutdanning som psykiatrisk sjukepleiar, flytte eg til Øystre Slidre i 2002, og har sidan jobba i den psykiske helsetenesta i kommunen. Ein ting som bekymrar meg i jobbsamanheng, er at mange legar er altfor slepphendte med å gje ut medisinar. For å få bukt med dette må ein endre systemet, og tankegangen om årsaka til psykiske lidingar. Elles er eg oppteken av å jobbe i grupper, til dømes samtalegrupper, nettverksmøter og ulike kurs, der brukarar med lik problematikk kjem saman. Dette gjev meir likeverdige relasjonar enn det som er tilfelle mellom den autoritære hjelparrolla, og brukarrolla. Dessutan er ein ikkje åleine i ei gruppe, noko som i seg sjølv kan vere positivt for den enkelte. Men det er dessverre ikkje så stort fokus på å jobbe i slike grupper i Valdres. Ein annan grunn til at eg har så stor tru på å delta i grupper, kjem av nokre vonde opplevingar eg hadde i oppveksten. Mellom anna miste eg veslebroren min i ei trafikkulukke då eg var 11 år gamal. På den tida var ikkje hjelpeapparatet så godt som i dag, men eg hadde heldigvis familie og vener som gav meg omsorg, støtte og trøyst. Slik hjelpte dei meg å lette den børa eg bar, noko som gjorde det lettare for meg å jobbe meg gjennom sorga. Dette synte meg at det er mange fordelar ved å stå saman i tunge tider, og at lækinga går fortare når ein er fleire i same båt. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Då eg var to år gamal fekk eg ein leikesaksofon. Med eit fast grep om saksofonen klatra eg opp på eit bord, der eg stelte meg opp for å spele og halde show for dei som var til stades. Så interessa for musikk og det å underhalde andre, har eg hatt lenge! Eg er ikkje vaksen opp i ein musikalsk familie, men bror min tok gitartimar. Han gav seg likevel ganske fort, men gitaren hadde han, og eg såg mitt snitt til å tjuvlåne han. Og slik gjekk det til at eg byrja å spele gitar, og det har eg halde fram med i snart 12 år no. I mars 2013 var eg med å starte opp bandet «The Rebels», etter å ha spelt fem år i «Sunflower Seeds», med mellom andre Andreas frå «The Rebels». Med «The Rebels» har vi gjeve ut tre singlar og ein EP, vi gjekk vidare i UKM i 2014 og 2016, og vann valdresmeisterskapen i rock både i 2013 og i år. Eg syng og spelar gitar, medan Andreas Bærøy Nordsveen spelar trommer, og William Alexander Dalen spelar bass. Vi spelar punkrock/rock, lagar våre eigne songar, og syng på engelsk. Det er William som skriv tekstane, og eg lagar melodiane. Vi var veldig inspirerte av «Green Day» i byrjinga, men seinare har vi vorte meir allsidige, for vi ville ikkje bli sett på som eit «Green Day coverband». Så no ynskjer vi helst å spele berre eigne songar, krydra med ein coverlåt ein gong imellom. Når det gjeld ambisjonane våre, håpar vi å få gjett ut eit album neste år, og vi har eit ynskje om å få spele på fleire festivalar. Vi gjer vårt beste under konsertane, og drøymer om at musikken kan bli eit levebrød etter kvart. Men fyrst skal vi spele under «rakfisken», og det gler vi oss skikkeleg til! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg vaks opp ikkje så langt frå Odda i Hardanger, og flytte til Loen i Sogn og Fjordane då eg vart 19. Der jobba eg på hotell Alexandra om sumrane, og var sjømann haust og vinter. Men i oktober 1976 flytte eg til Valdres, og byrja i jobben som barassistent på Beito høyfjellshotell. Det var meininga eg skulle vere på Beitostølen berre ein vintersesong, men her er eg altså enno. Sidan eg hadde stått mykje på ski heilt sidan eg var ein gutunge, søkte eg etter kvart arbeid på skiskulen. Eg vart skiinstruktør hausten 1979, og tok skilærareksamen tre år seinare. Eigentleg vart eg pensjonist for tre år sidan, men eg jobbar framleis heile vinteren, og går no inn i min 39. sesong. Eg må seie eg har vore heldig som kan leve av å stå på ski, og ynskjer å halde fram to-tre sesongar til. På skiskulen vår er det høve til å ta kurs, og få ei internasjonalt godkjend utdanning som skiinstruktør. Kursa er i regi av Den Norske Skiskole, og allereie etter å ha take to av fire moglege kurs, kan ein søkje seg jobb i utlandet. Sidan eg flytte til Beitostølen for vel 40 år sidan, har det vore stor hytteutbygging, og vi har hatt ein auke i kundetalet kvart år. Tilbodet vårt er utvida med aktivitetar også om sumaren, og vi heiter no Beitostølen aktiv og skiskole. Sist år var det i overkant av 10.000 menneskje som nytta seg av tilboda våre. Dei er tydeleg godt nøgde, for i år fekk vi fortreffelegheitsbevis frå TripAdvisor, som er ei anerkjenning til forretningar i reiselivsbransjen som har levert framifrå kundeopplevingar. Og det er sjølvsagt ei utmerking vi er stolte av å ha fått! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Då vi var små, var vi med foreldra våre til Stavern i summarferiane. Eg fekk vere med faren min og fiske småmort ved svaberga, noko som skulle bli starten på mi store interesse for fisking. Fyrst var det slukstonga som gjaldt, men då eg for alvor tok til å fiske med fluge i 2005, gjekk interessa over til å bli ein lidenskap. Så no er ute og fiskar nesten kvar dag, frå januar til månadsskiftet november/desember. Det som driv meg er naturopplevingane, dessutan synest eg det er fascinerande å finne ut kva fisken et. Nokon gonger er det veldig lett å finne den rette fluga, andre gonger er det heilt umuleg; fisken bit ikkje same kva ein byr på av godbitar. Flugene bind eg sjølv, og eg synest det er artig å eksperimentere og prøve noko nytt. Eg er med på konkurransar òg. Fyrst var eg med på casting, der eg prøvde meg på langkasting, men no er det konkurransefisking som gjeld. Eg konkurrerer i norgescupen, som er fire konkurransar i året, og NM. Kvar konkurranse går over to dagar, der det er om å gjere å ta mest mogleg fisk, og så er det premie til den som tek den største fisken. Dessutan er eg fylkesinstruktør i flugefisking i Oppland Jeger- og Fiskeforbund, og blir hanka inn som instruktør når dei lokale forbunda i Oppland ynskjer å avhalde kurs. Vi bur i eit fiskeparadis her i Valdres, og eg reiser ikkje utanfor dalen for å fiske anna enn når det er konkurransar. Men eg har likevel ein draum om ein gong å kunne reise til Patagonia i Chile, og til Island for å fiske. Ved sida av ein storslagen natur, er det mykje stor fisk her, så det er eg viss på hadde vore ei stor oppleving. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg har utdanninga mi frå Oslo lærarskule og musikkonservatoriet i Oslo, og fekk etter studiane jobb i Kautokeino, med ansvar for musikkundervisninga ved ein internatskule. Her var eg i tre år; frå 1960 til 1963. Før eg tok til ved internatskulen, hadde skulestyret vedteke at det skulle vere joikeforbod ved skulane i Finnmark, noko eg var sterk motstandar av. Men det var lite hjelp i å protestere, for forbodet vart handheva like til 1987. I Finnmark vart eg kjend med Regine og Frank Juhls, som hadde ei sylvsmie i Kautokeino, og interessa mi for det gamle handverket vart vekt. Derfor byrja eg på metall-lina ved kunst- og handverkskulen i Oslo hausten 1963, før eg flytte til Valdres og starta eigen sylvsmedverkstad i 1964. Men etter nokre års drift steig sylvprisane så mykje, at vi mista heile eksportsalet vårt. Så i 1980 valde eg å etablere ein keramikkverkstad i same bygget som sylvsmia, slik at eg skulle få fleire bein å stå på. Verksemda fekk namnet «Valdres sølvsmie og keramikkverksted», og ligg i Hyggjande i Vang kommune. Eg kan òg nemne at eg på same tomta opna Hyggjande vogn- og sledesamling i 1997, der det no står utstilt 50 gamle hestevogner og sledar. Ein av dei store lidenskapane mine er islandshestar, og eg rir så ofte eg kan. Eg har vore eigar av 25 hestar gjennom livet, og har no to. Sidan 1978 har hestane hatt beite ved foten av Slettefjell, der eg har ei lita hytte. Eg set stor pris på alle dei fine stundene eg har hatt her, for livet er godt på Slettefjell, både for hestane og meg. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Mor døydde då eg var berre eitt år gamal, så eg vaks opp i fosterheim saman med fem andre sysken. Her dreiv mor i huset mellom anna med porselensdokker og rosemåling, noko som også påverka mine kunstnarlege evner. Mannen min og eg bur på garden der han vaks opp. Då han fridde til meg, var det under føresetnad om at eg måtte hjelpe til under lamminga. Vi har om lag 250 vinterfôra sau og om våren kjem det 500-600 nye lam til verda, så det var ikkje utan grunn at han stilte dette kravet! Ved sida av sauene har vi fem storfe, hund, kattar, gullfiskar, vaktlar og høner, så her er det livat! Elles har vi nyleg planta 3.000 molteplanter, så det blir spennande å sjå om dei gjev frukt etter kvart. På gardsplassen har vi sjølvbetent eggsal frå ei campingvogn, og i kjellaren på bustadhuset har eg galleri. Eg brukar helst oljemåling og målar på mellom anna lerret, tre og skiferstein, der mange av motiva er av dyr og natur. Det kjem også innom ein del folk innom som vil at eg skal måle bilete etter fotografi dei har med seg, og så målar eg premiane til Fjellstafetten kvart år. Veggen bak meg måla eg etter at vi hadde vore i Geiranger, for eg vart så inspirert av den vakre naturen der! For om lag fem år sidan var eg nestleiar i landsstyret for Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Det var ei interessant og lærerik tid, og eg hadde vervet i tre år. Medan eg var nestleiar, fekk eg vere med landbruksministaren og statssekretæren på middag i samband med kvinnedagen. Det var kvinner som hadde gjort seg merka i norsk landbruk som vart inviterte, så det var sjølvsagt ei stor ære å få vere med! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg har fem års utdanning frå det som då heitte Norges landbrukshøgskole på Ås i Akershus, og har tidlegare jobba som mellom anna biolog, naturoppsyn og miljøvernleiar på Svalbard, i Pakistan og i Romsdalen. Men då den eldste sonen vår snart skulle byrje på skulen, ynskte vi å finne oss eit gardsbruk, og drive for oss sjølve. Systera til mannen min, som bur i nærleiken, tipsa oss om eit ledig bruk, og slik enda vi opp i Valdres. Då vi kom hit, skaffa vi oss hest og høner, og vi tok til med å fôre opp bukkekje. Vi ysta til eige bruk i eit sæl på stølen, og syntest osten vår vart god. Derfor kjøpte vi ei brakke som vi gjorde om til eit mobilt ysteri, der vi laga ost også for sal. No har vi 32 mjølkegeiter og tre mohairgeiter, og produserer om lag 700 kg ost frå juni til oktober. Vi har delteke under NM i gardsost, i konkurranse med 150 andre produkt frå heile landet. Her har vi fått sylv for den kvite geitosten, tytebærkremosten og fetaosten vår, som vi kallar Getaost. Det er viktig å få tilbakemeldingar på det vi lagar, og vi prøver stadig å bli betre. Målet er å lage like gode ostar som dei som blir importerte, og det trur eg vi kan klare. Kvart år melder det seg friviljuge frå heile verda som er med i drifta av garden, og i år har vi folk frå Irland, Frankrike, Spania – og Norge. Dessutan har vi open støl på Olestølen om sumaren, der dei besøkjande får ein smak av stølsliv, og eit liv i skjeringspunktet mellom natur, kultur og tradisjonar. Her kan vi gje born og unge gode opplevingar i, og med naturen, og formidle at naturen kan brukast, utan å forbrukast. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg vaks opp i Viña Del Mar midt i Chile, om lag ein kilometer frå havet. Her var det fin natur, mange fjell og markerte årstider. Vi fiska og bada ofte, og syntest vi hadde det veldig fint. Men etter at president Allende vart styrta i eit militærkupp i 1973, vart Chile styrt som eit militærdiktatur fram til 1990. Det vart innført portforbod, soldatar patruljerte gatene, og det var mangel på nesten alle varer. Dette førte til stor ubalanse og mange protestar, for folket ville ikkje ha det slik. På grunn av den vanskelege situasjonen, flykta mange chilenarar ut av landet. Sjølv lånte eg pengar av bror min i 1988 og reiste til Stryn, før eg to år seinare flytte vidare til Øystre Slidre. Sidan har eg jobba som miljøarbeidar, og då kommunen hjelpte meg med utdanning slik at eg vart helsefagarbeidar i år 2000, var eg både stolt og takksam. Eg har hatt fibromyalgi i mange år, og er plaga med mykje smerter. Eg er flink til å trene og går fast til fysioterapi, men sjukdommen og smertene har likevel vorte verre. Smertene gjer at eg blir fort sliten, og eg har også vorte meir gløymsk. For å ikkje berre sitja inne og synast synd på meg sjølv, men heller prøve å få tankane over på noko anna, har eg laga meg til ei «furtebu». Her driv eg med treskjering og anna trearbeid, og lagar mellom anna veggklokker, blomsterkasser og fuglehus. Då får tankane flyte fritt, og i staden for mismot, kjenner eg på gleda over å skapa noko. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Foreldra mine kjem frå Bærum og Horten, og dei er båe utdanna agronomar. Far min har slekt i Røn, og såg difor etter eit bruk i Valdres. Så då garden her vart lagt ut for sal i 1979, gjekk ynsket deira om å bli gardbrukarar i oppfylling. Her fekk eg ein god oppvekst med mange fine opplevingar, der alt var føreseieleg, rutineprega og i trygge rammer. Nett som foreldra mine, er eg òg utdanna agronom, og eg og mannen min tok over garden i 2012. Vi driv med geiter, og har levert elitemjølk dei fem åra vi har drive garden. Det er eg stolt av. Men eg har ikkje berre jobba innan landbruket. Ein periode arbeidde eg med rusavhengige, der vi budde saman med dei i kollektiv. Denne erfaringa gav meg ei forståing av kor heldig eg er, men òg korleis livet kan snu på ein femøring, dersom ein er uheldig. Sidan vi ikkje har nok beite til dyra heime, er det naudsynt å sende dei på stølen. Geitene gjev dessutan betre mjølk når dei får vere på fjellbeite. Vi har støl på Hødnstølen oppunder Bitihorn. Eg synest det beste med å drive gard, er når vi er med geitene på stølen om sumaren. Det er eit fritt liv, for sjølv om ein er bunden av fjøsstell morgon og kveld, har ein heile dagen for seg sjølv. Geitene er ute natt som dag, og dei får gå fritt utan stengsler av noko slag. Og når dyra har det bra, har også eg det bra, og med godt samvit. Så livet til fjells er eit godt liv, både for folk og dyr! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg tok til å arbeide i sylvsmie då eg var 15 år gamal. Fyrst var eg ved sylvsmia på Fagernes, så på Leira, før eg enda opp ved Valdres sylv og keramikk i Skammestein. På desse stadene lærte eg mange måtar å jobbe på, både innan støyping og reint handarbeid. I 1982 starta eg for meg sjølv her på Høvda. Då vi tok over bruket her i 1980, fekk vi mange åtvaringar. Vi måtte lage veg opp hit, for det var det ikkje då, og vi var nøydde til å setje i stand huset her. Men bygdefolket var fantastiske, og støtta oss gjennom heile prosessen. Seinare har vi sett opp mange fleire hus, og vi har vore heldige som har fått tak i desse gamle husa, som alle er frå Valdres. Etter at Oddgeir Bruaset var her i 2010 for å spele inn ein episode av tv-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», merka vi ein ganske stor auke i trafikken. Programmet blir sendt også i Sverige og Danmark, og det var nok særleg mange svenskar som fann vegen hit. Om sumaren får vi besøk av ein del turistar. Dei synest det er fint at dei kan kjøpe ting her som ikkje alle andre har, og det er mange som kjem att år etter år. Det er ikkje reint få av dei som kosar seg med niste og kaffi utandørs, der dei har eit makelaust utsyn mot Rundemellen og vidare utover. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
For ti år sidan skjedde det noko som har prega meg, og som kjem til å vere med meg så lenge eg lever. Sonen min, Kjetil, døydde i ei bilulukke, knapt tjue år gamal. Ulukka skjedde rett før jul, og han vart halde kunstig i live eit halvt år, før eg vart beden om å slå av respiratoren han låg i. På same tida mista min dåverande sambuar sonen sin. Han døydde av kreft, etter ei tids sjukdom. Han var på Kjetil sin alder, og dei var også kameratar. Av yrke har eg stort sett vore snikkar. Eg byrja på anlegg sytten år gamal, og budde ved fleire høve i Oslo dei neste åra. I Oslo vart eg kjend med ein gut frå Vang som jobba i Block Watne, og slik vart det til at også eg vart snikkar. Ved sida av dette, har eg dei siste tjue åra eller så, teke vakter som miljøarbeidar, noko eg trivst godt med. Eg har i om lag tretti år hatt ein snikkarverkstad på garden der mor mi vaks opp, i Rogne. Her lagar eg møblar til kjøken og baderom, samt garderobar, skåp og langbord, og elles alt det kundane ynskjer. Skåpet på veggen her har eg laga sjølv, og det er det einaste eg har behalde av eigen produksjon. Men no er det planlagd ein gangveg akkurat der verkstaden er, så han blir riven. Då får vi sjå kva som skjer, men det blir vel til at eg anten byggjer nytt, eller leiger ein stad der eg kan halde fram med verksemda. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2024 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑