Etter ei sterk hending der eg trudde eg skulle døy, kjende eg meg kalla til å gå djupare i meg sjølv, og finne ut av kva som var viktig for meg. Dette førte til at eg valde å selje alt eg hadde, og flytte vekk frå småbylivet i Vestfold. Eg busette meg i ei avsidesliggjande hytte i Enebakk, og tok til på ei holistisk utdanning i Oslo.

Eg budde i Enebakk eit par år, utan innlagt vatn, og utan straum. Her vart eg fylt av skapartrong og kreativitet, og eg klarte å glede meg over det enkle livet i skogen. Snart fekk eg eit ynskje om å gjere noko for andre som av ein eller annan grunn var utbrende, eller som hadde mista motet. Difor oppretta eg eit tilbod, der dei som ynskte det kunne samlast, og lære seg å gå innover i seg sjølve og kjenne, i staden for å berre tenkje.

Mange menneske ynskjer endringar fordi dei ikkje er fornøgde, og kjenner eit tomrom i liva sine. Eg trur at den beste måten å fylle dette tomrommet på, kan ein finne i seg sjølv. Ein må ta seg tid til å finne ut av kven ein eigentleg er, og kva ein eigentleg vil. Ein bør akseptere seg sjølv og følgje hjarta sitt, og kanskje ikkje bruke så mykje krefter på å prøve å passe inn.

Elles vil eg seie at eg likar å ha det stilt rundt meg, og eg likar å måle. Den seinare tida har eg fått nokre spennande oppdrag knytt til målinga: Eg har illustrert to bøker og eitt cover til ein cd, og eg håpar å få fleire oppdrag framover.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)