Eg kjem opphavleg frå Polen, der det var kommunistisk styre dei fyrste åtte åra av livet mitt. Då eg var seks år byrja eg å danse, og frå midten av tenåra reiste eg mykje rundt i Europa og tevla i dans. Eg hadde lyst til å satse vidare, men etter kommunismens fall var det viktig å byggje landet og få ei utdaning, så mor mi sa at eg måtte studere. Derfor gjorde eg det, og valte å utdanne meg som farmasøyt.

For snart 15 år sidan møtte eg ein valdris i Krakow, og vi fann ut at det skulle bli oss to. Vi måtte velje om vi ville bu i Polen eller Norge, og det vart til at vi flytte hit.
Etter at eg kom til Valdres, jobba eg fyrst i eit par daglegvarebutikkar, før eg vart leiar på Strandefjorden Fritidspark. Så var eg ei tid på Munkekroen, før eg dei neste fem sesongane var ansvarleg for kafédrifta i alpinsenteret i Aurdal. Her lærte eg mykje, og eg vart utruleg glad i dei som jobba her, så det var vanskeleg å ta farvel. Men eg fekk tilbod om jobb på Valdres Mathus, og såg dette som ein stor sjanse. Elles serverar eg på Små Vesen, og har også tolkeoppdrag i Valdres og Buskerud.
Det har vorte mykje jobbing, og eg har nok fått eit ord på meg for å vere flink. For er det ein ting eg har lært i livet, er det at ein må jobbe hardt for å lukkast.

Når det gjeld dansen hadde eg lyst til å starte ein danseskule då vi kom til Valdres, men eg tenkte at det kanskje ikkje var liv laga, så eg slo det frå meg. Men eg svingar meg framleis når høvet byr seg, anten eg har jentefest heime, eller eg vaskar golvet!
Valdres er fantastisk flott, med storslagen natur, og tallause turmoglegheiter. Sjølv var eg nok meir van med høge hælar og selskapskjolar enn anorakk, men dei siste to åra har eg vore på mange fjellturar, og det synest eg er veldig artig!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)