Eg er fødd i Leyte på Filippinane, der eg vaks opp med foreldra mine, fire systrer og ein bror. Vi var svært fattige, og budde nærast i eit lite skur på om lag 10 m2. Kosthaldet bestod av malen mais, ris og røter, men ofte hadde vi ikkje nok mat til å stagge svolten, og hadde ikkje anna å ete enn salt. Difor var eg nøydd til å byrje å jobbe då eg var sju år gamal, og slik hjelpe familien med pengar så vi skulle overleve. Likevel greidde eg å fullføre fire år med lærarstudiar ved høgskulen, og det er eg stolt av.
Etter høgskulen flytte eg til Norge, for her var det betre utsikter. Eg jobba som au pair, sidan eg ikkje hadde råd til å betale for godkjenning av lærarutdanninga i Norge. Av dei 4.500 kronene eg tente i månaden tok eg 500 kroner sjølv, og sende 4.000 til familien. Pengane eg har sendt har bidrege til å finansiere nytt hus til foreldra mine, samt ein ris- og ein kokosplantasje slik at dei skal ha ei mat- og inntektskjelde. Det kjennest godt å gje noko tilbake, for dei har gjett meg så mykje kjærleik, og har ofra mykje for at eg skulle få det så bra som mogleg.
Elles har eg ei dotter på 17 år, og dessutan to born på sju og ti år saman med Kristian, som eg har vore gift med i 12 år. Til dagleg jobbar eg som helsearbeidar ved miljøarbeidartenesta i kommunen, og det trivst eg godt med. Men eg jobbar på engasjement, og blir berre tilkalla når det er ledige vakter, så eg veit aldri kor mykje jobb og inntekt det blir kvar månad. Eg drøymer difor om fast stilling og tryggleik på jobben, men den største draumen er at ungane skal få gode jobbar og gode liv, for familien kjem føre alt.
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)