Då eg var to år gamal fekk eg ein leikesaksofon. Med eit fast grep om saksofonen klatra eg opp på eit bord, der eg stelte meg opp for å spele og halde show for dei som var til stades. Så interessa for musikk og det å underhalde andre, har eg hatt lenge!
Eg er ikkje vaksen opp i ein musikalsk familie, men bror min tok gitartimar. Han gav seg likevel ganske fort, men gitaren hadde han, og eg såg mitt snitt til å tjuvlåne han. Og slik gjekk det til at eg byrja å spele gitar, og det har eg halde fram med i snart 12 år no.

I mars 2013 var eg med å starte opp bandet «The Rebels», etter å ha spelt fem år i «Sunflower Seeds», med mellom andre Andreas frå «The Rebels». Med «The Rebels» har vi gjett ut tre singlar og ein EP, vi gjekk vidare i UKM i 2014 og 2016, og vann valdresmeisterskapen i rock både i 2013 og i år. Eg syng og spelar gitar, medan Andreas Bærøy Nordsveen spelar trommer, og William Alexander Dalen spelar bass. Vi spelar punkrock/rock, lagar våre eigne songar, og syng på engelsk. Det er William som skriv tekstane, og eg lagar melodiane.
Vi var veldig inspirerte av «Green Day» i byrjinga, men seinare har vi vorte meir allsidige, for vi ville ikkje bli sett på som eit «Green Day coverband». Så no ynskjer vi helst å spele berre eigne songar, krydra med ein coverlåt ein gong i mellom.
Når det gjeld ambisjonane våre, håpar vi å få gjett ut eit album neste år, og vi har eit ynskje om å få spele på fleire festivalar. Vi gjer vårt beste under konsertane, og drøymer om at musikken kan bli eit levebrød etter kvart. Men fyrst skal vi spele under «rakfisken», og det gler vi oss skikkeleg til!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)