Etter å ha gått grunnkurs maskin og mek., og plate/sveis som påbygging, hadde eg læretida mi som sveisar hjå firmaet som no heiter Rapp Pyrotec på Kapp. Eg held fram med å jobbe her i åtte år etter fyrstegongstenesta, og sjølv om Toten var fint på mange måtar, vart det litt einsamt i lengda: Det vart mest jobbing, tv-titting, soving, og lite sosialt, så eg valte å flytte heim til eit mykje meir sosialt liv. No jobbar eg for Promek i Hølera, og trivst godt med det.

Utanom arbeidet, er jakt, fiske og musikk interesser som opptek ein del av tida mi. Når det gjeld musikk spelar eg ikkje sjølv, men eg høyrer mykje hardrock og heavy, hovudsakleg frå 1970– og 1980–talet. Eg har opplevd mange artige festivalar, og har mellom anna reist til Sweden Rock dei ti siste åra, der det er om lag 80 band, og over 30 000 publikummarar.
Når eg skal fiske, dreg eg helst oppå åsen. Om vinteren likar eg å pilke, og går då til eit vatn som ligg fem minutt frå husveggen.

Då eg var i 16–17–årsalderen byrja eg å jakte, og det er hare– og revejakt eg driv med. Eg har to haldenstøverar, som er den eldste harehundrasen i Norge. Rasen er truga av utrydding, og tel no om lag 150 hundar, medan det blir fødd mellom 12–20 kvalpar kvart år. Den eldste hunden vår fekk seks kvalpar for fire år sidan, og vi har prata om å setje på eit nytt kull, men vi får sjå.
Haldenstøveren er roleg, og då eg fekk min fyrste trudde eg at ho var stum, for det lét ikkje i henne. Men så sleppte eg ho på jakt, og då vart den mistanken fort avkrefta!
Sambuaren min har brukt hundane på smeller, som er ei tevling for hundar der det gjeld å finne bestemte lukter. Den eine hunden vår er også godkjent som besøkshund, og det er det nok ikkje så mange harehundar som er!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)