Etter to år som energimontørlærling hjå SAE frå 1994, vart eg kalla ut til fyrstegongsteneste. Det var ikkje råd å få jobb som energimontør etter militæret, så eg byrja som elektrikar der eg vaks opp, i Sørskogbygda i Elverum. Men heldigvis ringte dei frå SAE nokre månader seinare og tilbaud meg fast jobb, og eg flytte til Sør-Aurdal for godt.
Eg fekk plass på fotballaget til SAFK, som det heitte den gongen, der eg spelte venstre back. Vi hadde dei to beste laga i Valdres då, med eitt lag i tredje divisjon, og eitt i fjerde. Eg spelte for tredje divisjonslaget. Eg slutta i 2003/2004, og prøvde meg på eit comeback i 2005, men korsbandet rauk på fyrste treninga, og dermed var den karrieren over.
Men eg har vore fotballtrenar nokre år, for eg har to døtrer på ni og femten som spelar for Bagn.
Eldste dottera vår på 17 har ein svært sjeldan diagnose, som eit kombinert team frå Ullevål og Nederland driv og forskar på. Ho sit i rullestol og har ikkje språk, for ho har ein framskriden sjukdom som gjer at ho stadig mistar ferdigheiter. Men no har ho heldigvis fått medisinar som bremsar sjukdomsutviklinga.
Det har vore ein kamp om å få sett ei diagnose slik at vi skulle få rettigheitene vi har krav på frå NAV, men det har vorte betre etter kvart. Vi har også fått eit godt tilbod frå kommunen. Kona mi får pleiepengar for å vere heime og ta seg av dottera vår, og byrja i vår å jobbe i ei lita stilling utanfor heimen.
Elles har eg sete i styret i Valdres Snøskuterklubb dei siste åra, og eg er ein ivrig elgjeger. Men årets høgdepunkt er å reise på tur med kona, berre eg og ho. Vi kjøper ikkje julegåver til kvarandre, men sparar pengane til denne turen, som helst går til varmare strøk.
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)