Til hausten er det to år sidan eg vart med i Valhall Bueskytterlag, der eg no er kontaktperson. Vi er mellom åtte til ti valdrisar som møtast for å skyte ein gong i veka, heile året. Om vinteren held vi til i kjellaren på kraftlagsbygget på Spikarmoen, og når det ikkje er snø ute, er vi ute i skogen der vi har laga oss ei løype. Vi skyt på tredimensjonale dyrefigurar, som blir kalla jegerskyting, eller bogejegarklassen i skyttarmiljøet.

Bogen min er ein såkalla compoundboge. Det som kjenneteiknar compoundbogen, er at den har eit snor- og trinsesystem, noko som gjer det lettare å halde han spent. Det kan kome godt med, for ein må bruke ei kraft på bortimot 30 kilo for å trekke han opp, og når ein blir ståande og sikte ei stund, kan det vere tungt å halde han stødig. Bogen har eit fiberoptisk sikte, og pila har ei utgangshastigheit på nær 200 km/t.
Ein compoundboge er ein litt nyare type boge, og er den bogetypen som vanlegvis nyttast til jakt. Dei andre bogetypene er moderne langboge, eller recurveboge som han også blir kalla, og tradisjonell langboge. Dei som vil vere med i klubben, kan sjølvsagt bruke den bogen dei vil.

Nett som dei andre i bogeskyttarlaget, er også eg ein ivrig jeger. Derfor synest eg naturleg nok det hadde vore artig å vore på bogejakt, men det er dessverre ikkje tillate i Norge. Og sidan ein må utanlands for å vere med, er det veldig dyrt. Så då kan ein vel berre drøyme om at tippinga slår til, slik at draumen om ei bogejaktreise til dømes til Canada går i oppfylling.

 (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)