Foreldra mine kjem frå Bærum og Horten, og dei er båe utdanna agronomar. Far min har slekt i Røn, og såg difor etter eit bruk i Valdres. Så då garden her vart lagt ut for sal i 1979, gjekk ynsket deira om å bli gardbrukarar i oppfylling. Her fekk eg ein god oppvekst med mange fine opplevingar, der alt var føreseieleg, rutineprega og i trygge rammer.
Nett som foreldra mine, er eg òg utdanna agronom, og eg og mannen min tok over garden i 2012. Vi driv med geiter, og har levert elitemjølk dei fem åra vi har drive garden. Det er eg stolt av. Men eg har ikkje berre jobba innan landbruket. Ein periode arbeidde eg med rusavhengige, der vi budde saman med dei i kollektiv. Denne erfaringa gav meg ei forståing av kor heldig eg er, men òg korleis livet kan snu på ein femøring, dersom ein er uheldig.
Sidan vi ikkje har nok beite til dyra heime, er det naudsynt å sende dei på stølen. Geitene gjev dessutan betre mjølk når dei får vere på fjellbeite. Vi har støl på Hødnstølen oppunder Bitihorn.
Eg synest det beste med å drive gard, er når vi er med geitene på stølen om sumaren. Det er eit fritt liv, for sjølv om ein er bunden av fjøsstell morgon og kveld, har ein heile dagen for seg sjølv. Geitene er ute natt som dag, og dei får gå fritt utan stengsler av noko slag. Og når dyra har det bra, har også eg det bra, og med godt samvit. Så livet til fjells er eit godt liv, både for folk og dyr!
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)