Den 18. desember 1982, var eg og familien min på biltur over fjellet mellom Tyin og Årdal. Det snødde og føret var dårleg, og vegen var nett opna for fri ferdsel. Ut av snøføyka kom plutseleg snøfresaren til Vegvesenet midt i vegen, og samanstøyten var ikkje til å unngå. Kollisjonen førde til at eg vart ryggmergsskadd, og lam frå hoftene og ned. Eg vart fyrst floge til Haukeland, der eg var ein månad, og var deretter eit halvt år på Sunnaas.
Det gjekk heldigvis betre med dei andre. Mannen min og sonen vår vart sendt til sjukehuset i Lærdal, og vart utskrivne med mindre fysiske skadar etter kort tid. Dottera vår vart sendt heim med det same.

Tida etter ulukka var tøff. Livet vart snudd på hovudet for heile familien, og det var ikkje lett å akseptere at eg skulle bli sitjande lenkja til rullestolen, 24 år gamal. Dessutan gjekk eg gjennom ein tøff habiliteringsprosess: Gjeremål som tidlegare hadde vore ei sjølvfølgje måtte lærast på nytt, slik som å gå på do, og av- og påkleding, og eg måtte lære mange andre, heilt nye ting, sidan eg no sat i rullestol.

No, snart 35 år seinare, prøver eg å vere mest mogleg sjølvhjelpen. Eg gjer alt av husarbeid inne og ute, eg steller meg sjølv, køyrer bil, og er i fast arbeid i kommunen.
Elles brenn eg for at tilhøva skal bli best mogleg tilrettelagt for funksjonshemja, og at dei skal bli behandla med respekt. For det er dessverre ofte dei svakaste det går ut over når det er økonomiske innstrammingar, og mange av dei greier ikkje å seie frå. Men så lenge det er mål i meg, skal i alle fall eg gjere mitt for at denne urettvisa ikkje skal halde fram!

 (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)