Etter gymnaset var eg sivilarbeidar på Grimebakken, som var ein heim for psykisk utviklingshemma born og unge. Desse fine menneska gjorde eit sterkt inntrykk på meg, noko som vart avgjerande for at eg resten av yrkeslivet valde å jobbe med menneske med ulike utfordringar.
Så etter siviltenesta flytte eg til Oslo, og tok dei neste seks åra utdanning innan sjukepleie, sosialt arbeid og diakoni.

Eg har bestandig likt å reise, og på barneskulen skreiv eg jamvel stil om kor sterkt eg lengta etter å få vere på tur. No har eg vore rundt i store delar av verda, der særleg eit besøk i Etiopia for nokre år sidan sette sine spor: Kvinnene stod opp før sola, for å gå 10–12 kilometer etter brensel. Dei samla kvistar i ein stor haug, og bar den tunge børa på krokete ryggar same vegen tilbake, for så å lage mat til mennene sine. Frå den dagen av lovde eg meg sjølv at eg aldri meir skulle klage på eigne vegne.
Frå 2000 til 2003 flytte eg til USA for å jobbe i sjømannskyrkja i New Orleans. Eg gjorde alt frå å rake lauv til å avhalde gudstenester, men var for det meste på skipsbesøk hjå norske sjøfolk. Dette var ei fantastisk fin tid i ein by eg vart uendeleg glad i, og som eg har vitja fleire gonger sidan. Ja, eg har til og med vore her som turistguide tre gonger!

No har eg vore pensjonist i ni år, men eg er framleis aktiv. Eg sit i styret på Stabburshella, og har vore med i pilegrimsfellesskapet sidan starten i 2003. Dessutan skriv eg i Kyrkjeliv, eg er veldig glad i å gå i fjellet, og er ein ivrig fotograf – særleg med fuglar som motiv.
Men når eg skal slappe av er eg åleine heime, og set meg til med nokre av fotobøkene mine, med jazz frå New Orleans, eller Beethovens niande symfoni på full styrke. Då skal eg seie deg det er ein som trør takta!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)