Ei av dei modigaste avgjerdene eg har teke, var at eg bestemde meg for å selje slektsgarden; Tollefsrud i Begnadalen. Garden er basert på skogsdrift og er også ein gjestegard, og har eit flott våningshus i jugendstil som bestefar min bygde. Her hadde eg ein fantastisk oppvekst, og mykje av identiteten min var knytt til det å vekse opp her. Eg var, og er, veldig glad i garden.
Det er mykje historie og tradisjonar knytt til garden, og familien har naturleg nok store forventningar til den som har odel. Min lagnad var å ta over garden – familiens stoltheit – og lenge gjorde eg det som vart forventa av meg: Eg utdanna meg til skogbrukar, og var skogbruksleiar i Valdres i omkring 15 år. Men eg har aldri vore nokon bonde, så eg vaks ifrå garden, og klarte å fri meg frå den forma eg vart støypt i. Eg valde å ta tak i livet mitt, og gå for det eg trur på. Eg følgde hjartet.

Ein julaftan fleire år seinare låg det ei gåve frå kona mi under juletreet, som skulle vise seg å endre retning på livet mitt nok ein gong. Det var boka til Morten Schakenda, han som driv bakeriet i Lom. Eg vart heilt oppslukt, kjøpte meg eltemaskin, og byrja å bake i kjellaren heime. Og det tok ikkje lange tida før eg bestemde meg for å starte eit bakeri.
Bakeriet i Bagn såg dagens lys i 2014, og er i stadig vekst. No i sumar hadde vi i alt 15 menneske i arbeid. Produkta våre blir selt i butikkar i Valdres og på Dokka, og vi jobbar for å få sleppe til på Gjøvik.

Eg er stolt av at eg tok avgjerda om å selje garden den gongen, og at eg våga å bryte med dei tradisjonane og forventningane som ligg i å ha ansvar for ein tradisjonsrik slektsgard, og tok dette oppgjeret med meg sjølv. For eg har erfart at livet blir mykje meir spennande dersom ein er open for endringar.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)