Eg hadde ein veldig fin oppvekst på ein gard nørdst i Vestre Slidre, som foreldra mine kjøpte året før eg vart fødd. Som på garder flest måtte vi borna hjelpe til frå vi var små, noko som gav oss eit godt grunnlag å byggje vidare på seinare i livet. Eg vart også tidleg veldig glad i dyr, og det hende faktisk at eg sov saman med sauene!
Far min hadde eit sterkt politisk engasjement, noko som også smitta over på meg. Ved sida av å ha hatt ein del verv i AP og i fagrørsla, var eg frå midten av 1990-talet politisk rådgjevar for Jørgen Kosmo og Grete Knudsen, og var også statssekretær fram til regjeringsskiftet.
Etter ei særs interessant tid i Regjeringa, var eg næringssjef i Andøy kommune nokre år. Eg likte meg godt der oppe i Vesterålen, og sjølv om eg hadde ein veldig gjevande jobb, var det også krevjande. Til slutt gjekk det på helsa laus, og eg vart utbrend. Så eg flytte tilbake til min barndoms rike, der eg fekk påfyll av mykje god energi frå familie og vener.
Og gode nettverk er viktig. Det fekk eg verkeleg erfare då sonen min, Ståle, døydde av kreft for eit par månader sidan. Far min gjekk bort berre eit par månader tidlegare, så det har vore, og er framleis, ei tøff tid for meg.
Når det gjeld politikk, blir eg eitrande forbanna når born, unge og funksjonshemja ikkje får dei tenestene dei har krav på, og at vi, som eit av verdas rikaste land, ikkje har råd til å gje medisin som kan vere livgjevande og livsforlengjande til dei som er sjuke. Og ulven då, denne lystmordaren som er med på å øydeleggje ei heil næring, har ikkje livets rett, spør du meg!
Elles er eg glad i å fotografere, særleg dyr, noko som er reine terapien for meg, og eg har dessutan ein hund eg er veldig glad i. Eg har også ein hage eg likar å stelle i, så no ser eg fram til at det skal bli vår!
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)