Eg tok til å arbeide i sylvsmie då eg var 15 år gamal. Fyrst var eg ved sylvsmia på Fagernes, så på Leira, før eg enda opp ved Valdres sylv og keramikk i Skammestein. På desse stadene lærte eg mange måtar å jobbe på, både innan støyping og reint handarbeid.

I 1982 starta eg for meg sjølv her på Høvda. Då vi tok over bruket her i 1980, fekk vi mange åtvaringar. Vi måtte lage veg opp hit, for det var det ikkje då, og vi var nøydde til å setje i stand huset her. Men bygdefolket var fantastiske, og støtta oss gjennom heile prosessen. Seinare har vi sett opp mange fleire hus, og vi har vore heldige som har fått tak i desse gamle husa, som alle er frå Valdres.

Etter at Oddgeir Bruaset var her i 2010 for å spele inn ein episode av tv-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», merka vi ein ganske stor auke i trafikken. Programmet blir sendt også i Sverige og Danmark, og det var nok særleg mange svenskar som fann vegen hit.

Om sumaren får vi besøk av ein del turistar. Dei synest det er fint at dei kan kjøpe ting her som ikkje alle andre har, og det er mange som kjem att år etter år. Det er ikkje reint få av dei som kosar seg med niste og kaffi utandørs, der dei har eit makelaust utsyn mot Rundemellen og vidare utover.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)