Eg driv gard med 14 mjølkekyr, og kona mi er lærar. Vi har støl på Nørre Syndin, men har ikkje hatt stølsdrift etter at eg tok over garden.
Men eg har gode minne frå bufarsdagane og dei lange sumrane på stølen, då her var drift. Det var spennande med alle stølsnaboane og hyttefolka, og vi ungane sat på kvar vår mjølkekrakk, og mjøka kyrne for hand. No blir stølen nytta som ein feriestad om sumaren, for så vel oss, som kyrne.

Utanom garden, har eg fleire interesser: Eg har gått kurs i sylvsmedarbeid, og har mellom anna laga bunadssylv til dei tre døtrene våre og meg sjølv. Eg likar å ta naturbilete, og har også lisens på drone, der eg har hatt eitt oppdrag for NRK, og så var eg med å filme ein musikkvideo i Jotunheimen.
Dessutan er eg glad i musikk, og har vore med som friviljug under Vinjerock kvart år, der den største musikalske opplevinga så langt, er Madrugada. Elles er Pink Floyd favorittbandet, og eg har vore på to konsertar med Roger Waters, og skal på ein ny no i sumar.
Men den interessa som har teke det meste av tida mi, er songlaget. Sidan enkelte i koret likte å drive med revy og kabaret, har vi i ei årrekkje hatt ulike framsyningar. Olav Gullik Bø har forsynt oss med manus ved eit par høve, mellom anna til stykket om Aasmund Olavsson Vinje som vart vist på Eidsbugarden i 2001 og 2002, der eg spelte hovudrolla.

Eg har fått erfare at alt ikkje er like lett heile tida. Av dei opplevingane som sit hardast i meg, var då den eine dottera vår var seks veker gamal, og vart lagt inn på sjukehus med hjernebetennelse. Det enda med at ho vart hjerneskadd. Men sjølv om det gjekk gale den gongen, har ho det heldigvis bra i dag. For no bur ho i si eiga leiligheit, sjølv om ho treng ein del hjelp.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)