Eg er fødd og oppvaksen rett utanfor Jessheim, men reiste til Hedalen i alle feriar og mange helger, sidan far min og foreldra hans kjem herifrå. Då var vi på mange turar ute i naturen, både på ski og til fots, og eg var også ivrig med fiskestonga.
Derfor vart eg tidleg glad i naturen – eg fekk eit nært forhold til Hedalen, og har hatt ein draum om å flytte hit så lenge eg kan hugse. Så eg byrja å sjå etter arbeid her, og vart veldig glad då eg fekk jobb i fabrikken hjå Hedda hytter i 2004, der eg no er fabrikkleiar. På fabrikken produserer vi element, der veggseksjonane blir laga ferdige med vindauge, isolasjon, innvendig og utvendig panel, så hyttene er raske å sette opp.
Utanom arbeidet har eg behalde friluftsinteressa, og er ofte fisketur, eller eg går ein tur i naturen. Om vinteren likar eg å pilke, eller eg tek meg ein skitur. Eg har også eit par turvener; ein Alaska husky som held meg med selskap, og når sonen min er med fyrar vi opp eit bål, for det er med på å gjere turen ekstra triveleg.
Eg er interessert i gamalt handverk, og har vore på smikurs dei to siste vintrane. Eg har ei esse, men sidan eg må stå ute på gardsplassen når eg skal smi, vart det ikkje noko smiding no i sumar på grunn av turken. Så det blir nok til at eg set meg opp ei smie.
Eg er også interessert i norrøn mytologi og historie, og var på vikingtreff i Gudvangen no i sumar. Her er det ein vikinglandsby med marknad og sal av handverk og varer med tilknyting til vikingane, så det var artig å sjå.
Elles køyrer eg ein 2001-modell Harley Road King med 1450 m³ motor, og har også ein Harley-Davidson Sportster ståande. Den har eg tenkt at kjærasten min skal få køyre berre ho får teke lappen, og då håpar eg at vi får mange fine turar saman.
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)