I 2009 vart eg vitne til at ei kongeørn tok eit av lamma mine. Ørna klarte å lette med lammet, og flaug om lag 300 meter av garde med det. Lammet synte seg å vege 10,6 kg når eg vog det, og det var etter at ørna hadde forsynt seg noko. Så den reelle vekta var nok nærare 11 kilo. Denne hendinga vekte oppsikt, sidan fagpersonane syntest å vere einige om at ei ørn ikkje klarar å lette med ei bør på meir enn tre-fire kg. Hendinga vart omtala i 2015, i eit fagtidsskrift som heiter «Kungsørnen», som kjem ut for sal i Norge, Sverige, Danmark og Finland.
Eg likar å observere og ta til meg kunnskap frå fleire sider, før eg uttalar meg om noko. Eg har mellom anna stor sans for fleire av rovdyra våre, sjølv om eg som sauebonde har ein del tap av sau til rovdyr kvart år. Men ulven har eg ikkje noko til overs for. Medan dei andre rovdyra kan ta eit lam eller ein sau for å brødfø seg, forsyner ulven seg grovt i flokken, og drep mange fleire enn han treng til mat. Dette er sjølvsagt fortvila for ein som forsøkjer å leve av å vere sauebonde.
Ei av dei store interessene mine er fotball. Favorittlaget mitt er Newcastle, og eg følgjer sjølvsagt med på Valdres FK. Det likaste eg opplevde som spelar – eg var keeper – var då eg vart krinsmeister for Slidre, 15-16 år gamal. Den faste keeperen vår var innkalla til rep.øving i militæret, og det stod mellom meg og ein annan om å overta plassen hans. Dei valde meg. Finalen gjekk mot Begnadalen, og det var stor stemning med tribunane fulle av begnadølar og slidringar. Vi vann 4-2.
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)