Eg er lærar i elektrofag ved Valdres vidaregåande skule, og driv ein gard med vel 100 vinterfôra sau. På garden har vi sett opp nytt hus og verkstad, der eg har gjort det meste av arbeidet sjølv, og no held eg på å byggje om fjøset til sauefjøs. Fram til januar 2017 hadde vi mjølkekyr, men eg brukte så mykje tid til alt på garden at eg ikkje fekk nok tid til familien, som er dei eg har mest lyst til å vere i lag med. Derfor valde eg å slutte med krøtera.
Då eg vaks opp var eg ganske liten og tynn, og etter at eg såg filmen «karate kid» for fyrste gong, vart eg veldig fascinert av kampsport. Så eg melde meg på då dei tok til med treningar i jiu-jitsu på Leira i 1990, før eg byrja med boksing i 1993, og karate året seinare.
Karate er ein gamal kampsport som starta opp i Okinawa, Japan. Det er nær 200 stilartar i karate, og den eg praktiserer heiter Matsubayashi, som er den stilarten som er mest lik den opphavlege.
I 2010 og 2014 var eg i Okinawa og trena med dei store meistrane. Fyrste turen vart eg gradert opp til tredje grad, eller dan, i svart belte, medan seks av dei beste karateutøvarane i verda såg på. Heile opplevinga med å vere i Japan, og få oppleve dette fantastiske landet, folket og kulturen deira, for så å bli vurdert av dei beste utøvarane i verda i ein disiplin som betyr så mykje for meg, ja det det var utruleg stort! Det gav meg minne for livet, som har fått ein stor plass i hjartet mitt.
I juni 2017 vart eg gradert til fjerde dan i Bergen, av ein kar på 65 år med sjuande dan i Matsubayashi, som er den høgste graden i Europa. Det er berre to personar i heile verda som har tiande dan i svart belte. Sjølv er eg av dei tre-fire med den høgste graderinga i Norge, og det er eg litt stolt av!
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)