For tida går eg siste året på studiespesialisering, ved Valdres vidaregåande skule. Når skuleåret er omme vil eg jobbe eitt år, før eg mest sannsynleg vil søkje meg inn på barnevernpedagog- eller sosionomstudiet på høgskulen. Vi er nemleg ein fosterfamilie, og det har nok vekt omsorgsgenet i meg, for eg kjenner at eg har lyst til å gjere ein innsats for dei som ikkje har det så bra. Eg har også fått ei større forståing av kva for skilnad ein kan gjere i eit menneske sitt liv, og har fått kjenne kor gjevande det er å hjelpe.
Då eg var ein smågut, byrja eg med teater på kulturskulen, der eg var med fram til sjuande klasse. Så vart det ei lita pause, før vi drog i gang ein kabaret i tiande klasse. Etter den tid har eg vore med på dei to siste skodespela på Solhaug 17. mai, og i år er eg med på førestillinga til Ung i Valdres for tredje gong.
Neste gong eg skal i elden er 8. februar, då er det premiere på stykket «Ungarsfesten» i regi Ung i Valdres, med framsyning i kulturhuset på Fagernes. Eg har fått hovudrolla i stykket, og gler meg stort til å stå på scena igjen!
Det som driv meg, er å glede, og få respons frå publikum, og klare å formidle handlinga og kjenslene i stykket, ut til salen. Dessutan har det å spele revy og teater, og stå på ein scene framfor publikum, gjeve meg ei meistringskjensle, noko som også har gjeve meg større sjølvtillit.
Derfor har eg ein draum om å halde fram med teater også i framtida, og har naturleg nok tenkt litt på å søkje meg inn på teaterskulen. Men det er særs vanskeleg å kome inn, dessutan likar eg best bygdehumor og folkekomedie, så det blir vel helst ikkje noko av. Men det hadde sjølvsagt vore moro å stå på ein scene i Oslo, og spele for fullsett sal – så kven veit?
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)