Garden, som vi overtok i 2012, har vore i familien sidan 1875. Det var tippoldefar min, som kom frå Hemsedal, som kjøpte han då. Men sjølve garden er eldre, for her har vore drift sidan 1726.
Eg trivst veldig godt med å vere bonde, og vere saman med dyra. Og har eg ein dårleg dag er det godt å vere i fjøset, for dyra er takknemlege for å sjå meg, og jagar bort alle vonde tankar.
Men det er også mykje ansvar, og mykje å tenkje på når ein har gard, mellom anna det komande lausdyrkravet: Skal vi byggje på det eksisterande fjøset, eller skal vi byggje nytt? Dessutan har vi ein del gjeld på garden, så vi må vere bevisste på korleis vi investerer.
Eg har ein mastergrad i matvitskap etter fem år på skulen i Ås, og jobbar til dagleg ved mattilsynet. Men sidan eg vil vere meir heime hjå dei 15 månader gamle tvillingane våre, har eg permisjon, men tek til att å jobbe deltid på nyåret.
Elles sit eg i styret i bondelaget i Vang, og i styret i Høre/Ryfoss idrettslag. Når det gjeld idrettslaget, er eg glad for at dei har fått til aktivitetar på skulen nesten kvar dag, både for store og små, sidan det er med på å halde bygda levande.
Eg likar å lese bøker, og er veldig glad i handarbeid og baking. Det blir nok til at eg bakar meir enn sju slag til jul, og eg lagar meir enn vi treng sjølve, for det er fint å gje bort noko også.
Men det beste eg veit er å vere på stølen i Raudalen. Då likar eg å tenne levande lys og gjere opp i peisen, og anten spele kort saman med vener, eller vere åleine med ei god bok. Her oppe er det så fredeleg og godt, og ein finn også ei indre ro.
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)