Eg er fødd i Oslo, men der budde eg berre det fyrste leveåret mitt. Då flytte vi til garden Veigård i Begnadalen, der mor mi var odelsjente. Her hadde eg ein trygg og god barndom, der alle kjende kvarandre.

Sidan 1999 har eg budd i lag med mannen min på Leirskogen. Vi har to søner på 10 og 13 år som driv aktivt med ski og fotball, så vi er mykje på farten. Eg må seie eg er veldig glad i bygdelivet, i grenda og kommunen vi bur i, og eg likar å engasjere meg, og få ting til å skje. Det gjer eg mellom anna fordi eg er oppteken av at bygda skal vere levande, for med all sentraliseringa som skjer, kan det fort bli mange mørke glas kring oss. Eit døme på at vi ynskjer litt liv i bygda, er at vi no har invitert Teater Innlandet til å kome hit for å ha ei framsyning av stykket «Skogsmatrosen», av Jon Michelet.

Av meir personlege erfaringar, opplevde eg at mor mi døydde i 2009, etter ein nær ti år lang kamp mot kreft. Den siste tida verka ho frisk og rask, og ho arbeidde fram til ei veke før ho døydde. Det kom difor som eit lite sjokk då ho gjekk bort, for vi var ikkje klar over at det var så nært føreståande. Dødsfallet hennar har fått meg til å stoppe opp, og bli meir ettertenksam. Og eg har mange gonger særleg tenkt på kva ho og sønene mine går glipp av; at ho ikkje får sjå dei vekse opp, og at dei ikkje får ha henne i sine liv.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)