Vi flytte frå Gol til Valdres då eg skulle byrje i andre klasse på barneskulen. Tidlegare hadde vi også budd på Hareid på Sunnmøre, der mora mi er frå.
Far min var glad i fiske og friluftsliv, og var flink til å ta oss med ut på turar. Dermed lærte han også meg å setje pris på natur og friluftsliv, som no er av mine største gleder i livet.
Eg var veldig glad i pappa, så det var eit hardt slag då han døydde av kreft i fjor. Og for å heidre han og minnet om han, har eg tatovert eit naturmotiv på armen min.

Foreldra mine hadde hund, men eg ville ha ein som var berre min, så eg byrja å mase. Etter å ha venta i noko som kjendest ut som ei eve, fekk eg endeleg min eigen hund då eg var 15, og eg var så lykkeleg at det berre brusa i heile meg. Sidan har eg hatt hund, og har no ein Alaskan malamute, som eg valde fordi han taklar fjell- og skogsturar i all slags vêr.
Eg har sete i styret i Valdres Hundeklubb nokre år. Vi tilbyr mellom anna ulike kurs, og har arrangert fleire meisterskap i smeller. Som medlem i hundeklubben kan du dele hundeinteressa di med fleire, og det er både sosialt, triveleg og lærerikt!

Skriving er ei anna av mine store interesser. Eg skriv litt på frilanse for eit par nettredaksjonar og aviser, der temaa oftast er born og hund. Eg har også hatt nokre krimnoveller på trykk i ulike vekeblad.
Men det eg likar aller best å skrive om, er ei blanding av fantasy og krim. For så lenge eg kan hugse, har eg likt magi. Magi pirrar fantasien og rokkar ved ein del førestillingar, og som skribent står ein mykje friare til å utfalde seg.
Draumen er å kunne leve av skrivinga, og om nokre månader får eg min bokdebut. Då blir den fyrste boka i ein serie på tre eller fire bøker gjeven ut, så eg går ei spennande tid i møte!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)