Dei 15 fyrste åra av livet budde eg på Flekkerøy utanfor Kristiansand. Sidan mødrene våre var heimeverande, gjekk vi ikkje i barnehagen. Så om sumrane var det litt som i «vi på saltkråkan», og det yra med ungar ute. Alle ungane var knallbrune på ryggen, fordi vi låg så mykje på brygga og fiska krabber.
Eg flytte til Søgne då eg var 15, der eg gjekk tre år på lina for landbruksfag på vidaregåande. Her var det mange praktiske fag, og eg lærte mellom anna å køyre traktor og bruke motorsag, noko som gav nyttige erfaringar inn i yrkeslivet. Skulen hadde også eigen stall der eg var veldig mykje, sidan eg har hatt ei stor hesteinteresse frå eg var 9 år.
Andre året på vidaregåande møtte eg ein staut valdris. Han ville bli taksidermist, men etter at skuleåret var omme måtte han flytte til Rindal i Møre og Romsdal for å ta læretida si. Så då eg vart ferdig med tredje året, flytte eg etter.
To år seinare var han ferdig med læretida, og vi flytte til Valdres i 2006. Eg jobba mellom anna som landbrukspraktikant, og på meieriet, før eg hausten 2011 byrja på desentralisert lærarutdanning på Leira. No underviser eg ungdomstrinnet ved Vestre Slidre skule i matte, norsk og naturfag, og trivst veldig godt med det. Eg er oppteken av å få elevane engasjert, og ser at det å legge inn ein del praktiske øvingar er ei god hjelp i så måte.
Når eg har fri er eg veldig glad i å reise, og har vore særleg mykje i Asia. Det skuldast nok i stor grad den fyrste turen min til Thailand, og møtet med så mykje fantastiske folk, godt klima og fin natur. Eg har også vore mange turar på Filippinane, der eg har fått mange gode vener.
Fyrste gongen eg var på Filippinane lærte eg å kite, og vart heilt hekta. Så det er eit fast gjeremål kvar gong vi kjem dit!
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)