Dei fyrste åra mine i arbeidslivet, jobba eg så mykje at eg vart sjuk av det. Eg var fyrst butikksjef for klesbutikken Twins med ansvar for fire butikkar, før eg vart dagleg leiar for klesmerket Ball. Ikkje berre sleit eg meg heilt ut, det kjendest også meiningslaust å berre jobbe for pengar. Eg ville mykje heller gjere noko eg kunne vere stolt av; eg ville hjelpe andre. Derfor tok eg ei rekkje studiar og kurs innan medisin, terapi og massasje, og starta ein klinikk i Oslo som gjekk veldig bra.
Sidan eg er veldig glad i fjellet og naturen, og Oslo er hektisk og bråkete, kjøpte eg ei leilegheit på Beitostølen i 2004. Dette vart ein fristad for meg, og det vart mange turar oppover. Men ein dag fann eg ut at eg like gjerne kunne flytte til Beitostølen for godt, for det var her eg likte aller best å vere.

På Beitostølen opna eg ein ny klinikk, Helseglad, der eg tilbyr massasje, ulike typar akupunktur, soneterapi, og tre ulike typar healing. Eg er også personleg trenar.
For meg er det viktig å gje best mogleg hjelp til så mange som råd, så eg har eit breitt spekter med tilbod. Eg held meg sjølvsagt fagleg oppdatert, og tek stadig utdanningar og kurs for å utvikle meg. Dei ulike behandlingsformene eg tilbyr, med det reint skulemedisinske i kombinasjon med ei åndeleg tilnærming, gjev også ei meir heilskapleg behandling, som betre kan tilpassast kvar enkelt.
Om lag 90% av pasientane mine er fastbuande valdrisar, og eg vil nytte høvet til å rette ein stor takk for den tiltrua og openheita dei har vist meg, ved å prøve dei ulike behandlingane mine.

Eg angrar ikkje på at eg valte ein annan kurs i livet, for no er eg lykkeleg. Og mykje av det skuldast at det er så mykje meir gjevande å hjelpe folk, enn å berre jage etter pengar.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)