Eg kom til verda i Etnedal, for far min var kjøpmann på Bruflat på denne tida. Så flytte vi til Hønefoss-kanten i 1948, men kom heimatt til Valdres to år seinare, då han far fekk jobb som bestyrar på Samvirkelaget i Røn.
Etter at eg var ferdig på realskulen i 1960 flytte eg til Kristiansund, der eg gjekk på økonomisk gymnas, som det heitte den gongen. Etter tre år i Kristiansund vart det eitt år i militæret, og eit par år i Oslo. Men så fekk eg jobb som likningssjef i Slidre i 1967, og dermed vart det ein ny runde med pappaskar, og flytting.
Jobben som likningssjef var midt i blinken, for eg har bestandig likt å drive med tal. Eg gjekk av med pensjon i 2005, men eg held framleis på med tal, for no er eg heilt hekta på sudoku!
Etter at eg vart pensjonist har eg også vore jamleg på Plassen aktivitetssenter, der eg les små stubbar for dei frammøtte. Det går i lokalhistorisk stoff, og det er O. K. Ødegård og Mons G. Hagen som er favorittane.

Elles er fotball viktig for meg. Eg kom med på A-laget til Røn som sekstenåring, og spelte for Kristiansund dei tre åra eg studerte der. Men då eldstesonen vår, Gjermund, vart fødd i 1967, la eg opp. Då vart det ikkje like kjekt å reise ut på kampar i helgene. Men etter at eg gav meg som spelar, vart eg etterkvart trenar for laga til sønene mine, og det var veldig gjevande.

Eg og kona har vore saman i godt over 50 år, og har to barn og åtte barnebarn. Dessverre døydde Gjermund av kreft for snautt tre år sidan. Det var sjølvsagt eit hardt slag, men eg er oppteken av at ein ikkje skal grave seg ned i tunge tankar, for livet må gå vidare, trass alt. Heldigvis har eg heile tida hatt eit godt humør, og eg synest humor er viktig. Det har vore ei god hjelp i ei elles vanskeleg tid.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)