Eg vaks opp på ein gard på vestsida av Volbufjorden, der vi hadde mjølkekyr. Vi hadde støl på Sørre Trollåsen, og det å få kome hit var årets høgdepunkt. Her var vi heile sumaren, og vi ungane hjelpte til på ulikt vis, men hadde mange fristunder der vi mellom anna sykla inn til Etne for å bade og kose oss.
Som småjente dreiv eg med langrenn og handball, byrja seinare med fotball og volleyball, og spelte mellom anna for Valdres volleyballklubb i 2.-divisjon. Som mosjonist spelte eg volleyball til eg var 40 år, og eg er framleis ofte ute på ski.
Denne idrettsgleda førte til at eg tok ei fire år lang utdanning innan idrett. Deretter jobba eg som idrettslærar på det som då heitte Fagernes vidaregåande skule, og treivst veldig godt med å få jobbe med ungdom og idrett. Men etter 22 år som idrettslærar fekk eg lyst på nye utfordringar, og byrja som dagleg leiar på Friskgården Tyin, før eg vart leiar for folkehelse, frisklivs- og frivilligsentralen i Øystre Slidre kommune for ni år sidan.
Dette er ein jobb eg verkeleg brenn for, for eg ser at det å få med menneske på trim og trivselstiltak, er med på å gje dei eit meiningsfylt liv. Vi utgjer også ei motvekt til all skjermbruken som no florerer, med vårt fokus på å dyrke det sosiale og få til møteplassar der vi kan treffast og ha det kjekt.
Ei av mine store interesser er å gå i fjellet, og det er nok alle dei fine sumardagane eg fekk oppleve på stølen, som førte til at eg vart så glad i fjellet.
No nyleg var eg på ein flott tur i Himalaya, der eg var oppe på 5000 meter. Det var spennande å få oppleve dei flotte fjella, men også Katmandu, med sitt yrande folkeliv, og alle dei eksotiske og framande duftene. Så eg drøymer om at eg ein gong kanskje kan kome tilbake, eller at eg kan få oppleve nye og spennande turmål i andre land.
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)