Mor mi døydde då eg var berre eitt år gamal, så eg vaks opp i fosterheim saman med fem andre sysken. Her dreiv mor i huset mellom anna med porselensdokker og rosemåling, noko som også påverka mine kunstnarlege evner.

Mannen min og eg bur på garden der han vaks opp. Då han fridde til meg, var det under føresetnad om at eg måtte hjelpe til under lamminga. Vi har om lag 250 vinterfôra sau, og om våren kjem det 500-600 nye lam til verda, så det var ikkje utan grunn at han stilte dette kravet!
Ved sida av sauene har vi fem storfe, hund, kattar, gullfiskar, vaktlar og høner, så her er det livat! Elles har vi planta 3.000 molteplanter, så det blir spennande å sjå om dei gjev frukt etter kvart.

På gardsplassen har vi sjølvbetent eggsal frå ei campingvogn, og i kjellaren på bustadhuset har eg galleri. Eg brukar helst oljemåling, og målar på mellom anna lerret, tre og skiferstein, der mange av motiva er av dyr og natur. Det kjem også ein del folk innom som vil at eg skal måle bilete etter fotografi dei har med seg, og så målar eg premiane til Fjellstafetten kvart år. Veggen bak meg måla eg etter at vi hadde vore i Geiranger, for eg vart så inspirert av den vakre naturen der.

For om lag fem år sidan var eg nestleiar i landsstyret for Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Det var ei interessant og lærerik tid, og eg sat i vervet i tre år. Medan eg var nestleiar, fekk eg vere med landbruksministaren og statssekretæren på middag i samband med kvinnedagen. Det var kvinner som hadde gjort seg merka i norsk landbruk som vart inviterte, så det var sjølvsagt ei stor ære å få vere med.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)