Vi tok over garden i 1989, og har no 26 mjølkekyr og om lag 30 ungdyr. Vi har óg leigd to kvoter. Stølen som høyrer til garden ligg på Etnesenn, men i 1999 fekk vi oss støl på Grøslien, som er berre om lag halvparten så langt som til Etnesenn. På Grøslien er det eit tun med 10 hus, der alle har skifertak. Vi har restaurert seks av husa, det eldste er frå 1860. På stølane har vi vore kvar sumar sidan vi tok over drifta, med unntak av det fyrste året.

Eg er veldig sosial, og likar godt å «laupe». Elles prøver eg å vere til hjelp om eg blir spurt, og eg likar å vere med på det som skjer i bygda. Men det er garden som tek opp det meste av tida mi, den er både ein jobb og ein livsstil. Sidan vi tok over drifta for snart 30 år sidan, har vi berre vore på ein ferietur, og då var vi borte i tre dagar.

På veggen bak meg heng nokre av dei prisane vi har fått av Tine for mjølka vår. Den lengst borte er 20-års merket, der kravet er at ein skal ha levert elitemjølk i minst 20 av 22 år. Men den gjævaste prisen er nok sylvtina vi har fått. For å få den må ein levere elitemjølk 15 år samanhengande, så den er eg nok litt ekstra stolt over.

 

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)