Strikking og skinnfellarbeid, er to av mine store lidenskapar. Eg lærte å strikke av naboen då eg var seks år gamal, og det fyrste eg skulle strikke, var ein firkanta gryteklut. Det gjekk bra det, bortsett frå at grytekluten ikkje vart firkanta!
Skinnfellarbeidet tok eg til med for om lag seks år sidan. Eg kjøper ferdige saueskinn som eg syr saman, og ved hjelp av trykkblokker og tekstilfargar, lagar eg mønster på kjøtsida av skinna. Vi er ein gjeng på 10-12 stykke som held på med dette, og som møtest ein gong i månaden. Nokon reiser endatil heilt frå Horten for å vere med.

Den dagen eg fylte 30 år døydde far min, etter kort tids kreftsjukdom. Eg vart sint, og syntest det var urettferdig at eg skulle miste han så tidleg. Men sjølv om han var sjuk berre ei kort stund, fekk vi likevel snakka ein del saman. Vi fekk teke farvel, og det er eg glad for.
Mannen min vart òg råka av sjukdom, då han vart hjartesjuk for nokre år sidan. Ei tid seinare var eg redd eg skulle miste han. Han vart innlagd på sjukehuset for eit rutineinngrep, men hjartet hans stoppa, og dei fekk så vidt liv att i han. Då han vakna til att, sa han at han hadde vore på den andre sida. Han sa at han hadde sett eit lys, og at han hadde høyrt stemmer.
Eg er ikkje personleg kristen, men eg trur at det er noko meir. Det har denne hendinga som mannen min opplevde bidradd til, og det har ført til at eg har fått ei litt anna perspektiv på livet.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)