Då eg gjekk i niande klasse hadde vi arbeidsveke, der eg fekk vere med to veterinærar rundt om i Vang. Dette likte eg så godt, at eg bestemde meg for at det var veterinær eg skulle bli. Så no går eg fyrste året på linja for allmenne fag, og har ein draum om å kome inn på veterinærhøgskulen etter vidaregåande. Men eg må ha gode karakterar for å kome inn, så eg må verkeleg leggje meg i selen for å lukkast.

Utanom skulen er eg leiar for Åsvang 4H, og eg er medlem av Senterungdommen. Ei av dei politiske sakene som opptek meg mest, er kommunesamanslåinga. Det kjem av at eg fryktar at det meste blir sentralisert til Fagernes dersom Valdres blir ein kommune, og at bygdene kan bli fråflytte som ein konsekvens av dette. Eg meiner at folk bør få bu og leve slik dei sjølv ynskjer, og ikkje bli tvungne til å flytte mot si vilje – for Valdres, og Vang – vil ikkje vere det same med folketome bygder. Eg vil også seie – som den vangspatrioten eg er – at det er stor stas å representere ein så flott stad som Vang, særleg når eg er utanfor Valdres. For eg er glad i Vang, og stolt av å kome frå ein gard herfrå.

Av andre interesser kan eg nemne at eg har gått på kulturskulen sidan fyrste klasse, der eg har spelt fleire ulike instrument. No spelar eg munnharpe, og skal opptre på Landskappleiken for tredje gong, og det synest eg er moro å få vere med på.
Elles har eg nyleg kjøpt meg rifle, for eg vil vere med på storviltjakt. Våpensøknaden er sendt inn, og eg har teke jegerprøva, så no er det berre skyteprøva som står att!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)