På idrettslina hadde vi mykje undervising om kroppen, og det syntest eg var så interessant, at eg ville lære meir. Men eg hadde inga erfaring frå helsearbeid, og var litt i tvil om det var det rette for meg. Så etter tre år på idrettslina byrja eg i staden på pedagogikk, for eg tenkte at det kunne eg uansett ha bruk for, sjølv om eg berre gjekk eitt år. Hadde eg derimot teke eit studium innan helse, måtte eg gå minst tre år for å kunne ha nytte av det.
Studiet i pedagogikk gjekk føre seg i Oslo, og det var greitt nok. Men det var fyrst då eg kom til Oslo at eg verkeleg skjønte kor glad eg er i Valdres, og at det er her framtida mi skal vere. Eg fullførte skuleåret no i vår, og var heimatt kvar helg. Ikkje berre fordi eg lengta heim, men også for å hjelpe til på garden.
Sidan mars i år har eg jobba ved korttidsavdelinga på VLMS, og har fått prøvd ut om ein jobb innan helse er noko for meg. Og det er det! Derfor søkte eg meg inn på sjukepleierskulen, der eg tok til no i haust. Studiet er 75% deltid, så eg må gå fire år i staden for tre. Det er heilt greitt, for då kan eg halde fram med å jobbe på VLMS, men også på G-Sport, der eg er på femte året.

Tidlegare dreiv eg med ski, skiskyting og fotball, og no har eg så smått byrja å vere med på handballtreningane til Fagernes/Øystre Slidre. Eg er også veldig glad i friluftsliv, og då særleg fjellturar om sumaren, og skiturar vinterstid.
Kva framtida har å by på veit ingen, men ein ting er sikkert, og det er at eg vil bu i Valdres! Eg vil også fullføre utdanninga mi, og kanskje ta vidareutdanning etterkvart. Og dersom alt blir lagt til rette, ynskjer eg å ta over garden. Men det ligg framleis eit stykke fram i tid, så vi får sjå korleis det blir når den tida kjem.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)