Eg og mannen min, Vidar, har sidan 2005 drive Stavadalen skisenter, som ligg før bommen til Nordre Fjellstølen, om lag fire km ovanfor Reinli stavkyrkje. Det var etter at Vidar var med å setje opp ein heis i Reinli, at han fekk idéen om skiheis i Stavadalen. Heisanlegget og kafeen vart finansiert ved sal av hytter og hyttetomter, og vi investerte 24 millionar den gongen vi starta opp.

Då vi byrja på jobben med skisenteret, var det veldig få hytter her, og berre enkelte fastbuande. Til no har vi selt 99 einingar, og Stavadalen har vorte ei levande bygd med mange fleire hytter. Etter kvart som det har vorte fleire hyttefolk i området, har også skisenteret vorte meir besøkt. Derfor har vi dei siste åra bygd på kafeen, vi har fått ny heis i familieanlegget, og har investert i eit snøproduksjonsanlegg. I kafeen har vi lagt om til ein sunnare meny, og etter utvidinga har vi hatt dåp, konfirmasjon og catering i lokala våre. Dessutan arrangerer vi kvart år rakfiskhelg, der vi er vel 50 til bords, men på festen etterpå er det opp til 100 menneske til stades. Då er det levande musikk, og fullt kjør!

Elles har vi snøskuterkøyring for born, karusell med tube, kanefart og langrennsløyper, og det er eit fantastisk fint turområde i fjella rundt. Til sumaren skal vi lage til ein aktivitetspark, der vi tenkjer det skal vere mellom anna zip-line, gullgraving, hopping i høy, kanskje nokre vassaktivitetar, og traktor- eller sykkelbane. Det er rett og slett eit eldorado for borna her oppe, og når aktivitetsparken blir ferdig, blir det nok ikkje mindre populært!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)