For 12 år sidan opplevde eg noko artig. Ein kar i bygda, Gunnar Bergsrud, hadde ingen etter seg, og ville gje bort garden sin, Kølhus, til ein yngre person i bygda. Eg melde mi interesse, og då det skulle avgjerast ved trekking kven som skulle overta garden, var det jammen namnet mitt som stod på lappen!
Omtrent på same tida vart eg psykisk sjuk, og var veldig langt nede dei neste åra. Tidvis sat eg berre i ein stol, og håpa eg skulle få døy. Det er ikkje lett å lyfte hovudet og finne ein indre motivasjon til å ta tak i livet sitt, når ein balar med så tunge tankar. Men til slutt innsåg eg at eg måtte gjere noko, om eg skulle kome meg på beina att.
Fyrst tok eg kurs i meditasjon, og seinare kurs og utdanning i familiekonstellasjonar og traumeterapi. Utdanninga gjorde at eg utvikla meg som person; eg fekk eit større perspektiv, og ei betre forståing av dei ulike sidene ved livet.
Men det kravde mange år med hard jobbing, før eg klarte å karre meg tilbake til livet. Likevel er eg glad for at eg fekk oppleve denne store nedturen, for kunnskapen eg tileigna meg på vegen skulle vise seg å bli verdifull — ikkje berre for meg sjølv, men også i mitt arbeid for å hjelpe andre.
No jobbar eg som miljøarbeidar på Fekjær, og eg er i ferd med å avslutte eit engasjementet som erfaringskonsulent. Eg har også leigd lokale på Joker i Hedalen, der eg skal opne eit tilbod for personar som har noko dei vil arbeide seg gjennom, eller som har eit ynskje om å gå djupare i seg sjølv.
Sjølv var eg nøydd til å grave djupt for å hente krefter til å stå løpet ut, og kome dit eg er no. Og eg må seie at eg er stolt av den personen eg er i dag, for dei erfaringane eg hausta førte til at eg vart ei betre mor, ei betre kone, og eit betre menneske.
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)