Av yrke var eg gardbrukar med mjølkekyr. Dessutan hadde eg pelsdyr for å spe på inntekta. Sonen min tok over garden etter meg, og dreiv med kyr nokre år, men etter at han byrja som smed, og dessutan med lafting og noko saging attåt, vart det ikkje lenger råd for han å halde fram med gardsdrifta.
På 1990-talet gjekk eg på eit kurs i husflidslaget, der vi lærte å reparere gamle bruksgjenstandar i tre. Det var Torgeir Holden, som var sløydlærar på ungdomsskulen i Slidre i mange år, som stod for undervisninga. Det var særleg mykje reparasjon av trebidner, der julinga, eller banda, hadde dotte av, eller var øydelagde.
Holden dreiv med slik vøling både før og etter at han vart pensjonist, men måtte gje seg då helsa hans vart dårlegare. Han hadde mykje ståande som han ikkje fekk reparert, så han spurde om eg kunne ta over. Og slik vart det. Sidan har eg reparert mange slag bruksgjenstandar for bygdefolket.
Dessutan driv eg med ein del anna trearbeid, som lagging, sveiping, dreiing og neverarbeid. Eg og Reidar Haugen, som også driv med trearbeid, reiser rundt med produkta våre på ulike messer i Valdres. Vi har det veldig kjekt i lag, og sidan vi er to, går det an å gå ifrå ein gong i blant, noko som kjem godt med etter nokre kaffikoppar.
Elles er eg med på dei årlege amatørskodespela på Johmsborg, som har vorte arrangert dei siste sju-åtte åra. Eg synest det er moro å få til noko saman, og det er viktig at det skjer noko i bygda, for det skapar både trivsel og samhald i grenda. Og det er takk vere eit par eldsjeler som har vore dyktige på regi, samt til å rettleie oss, at det er mogleg å få til desse framsyningane, for utan dei hadde det ikkje vorte noko.
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)