Syria var eit fantastisk land før krigen braut ut i 2011. Her utdanna eg meg innan økonomi ved universitet, og takk vere gode karakterar, fekk eg jobb med ein gong. Men etter tre år i jobben måtte eg slutte grunna krigen. Tilhøva for oss kurdarar var særs vanskelege, mellom anna vart to av brørne mine drepne i løpet av eitt år.
Etter å ha flykta frå to ulike stader i Syria, enda vi opp i Istanbul. Det kom mange flyktningar hit, og det var mykje uro. Vi var her i 10 månader, men det kjendest som 10 år. Deretter vart eg og syskena mine busette i Norge og Sverige via FN.

Det var ikkje lett å reise frå vener og familie, og kome til ein stad der alt var framand, der eg måtte venje meg til ein ny kultur, og lære eit heilt nytt språk. Men det gjekk seg til, for etnedølane er snille og hjelpsame, og det kjendest som eg var del av ein stor familie. Eg trivst veldig godt, og saknar ikkje Syria, for der vart eg fråteken framtida mi, tryggleiken min, og familien min. Norge er landet mitt no.

Dei siste tre månadane har eg hatt språkpraksis i Etnedal kommune, og eg skal vere her tre månader til. Det er mykje lettare å lære språket når ein høyrer korleis det blir brukt, dessutan rettar kollegaene mine på meg viss eg seier noko feil. Elles ser eg norsk tv og høyrer på norsk radio, og eg har ein del norske vener, noko som hjelper meg å lære språket raskare.

Eg håpar sjølvsagt eg får meg jobb når praksisperioden er omme, helst i kommunen, sidan eg har vorte teken så godt imot her. Men enn så lenge har eg full fokus på språkpraksisen, der eg vil gjere mitt beste for så vel kommunen som arbeidsmiljøet. For eg ynskjer å gje noko tilbake til staden, og landet, som gav meg tryggleiken tilbake.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)